Vi søker veterinær eller fiskehelsebiolog i fast stilling

Beskrivelse av arbeidsgiver

Vi tilbyr fiskehelsetenester til havbruksnæringa. Området strekker seg frå Bergen til Nordfjord, og frå dei ytre øyane ved Sognefjorden til Sogndal og Vik i Indre Sogn.

Vi er ni tilsette fiskehelsepersonell og har ein variert praksis med laks, regnbogeørret, kveite, torsk og berggylt. I tillegg jobbar vi med fiskehelsenettverk, kurs, prosjektarbeid og anna.

Hovudkontoret er på Asheim i Gulen Kommune (ved E39, midt mellom Bergen og Førde), men tilsette har heimekontor/kontor i Eivindvik, Lavikdalen, Fjaler, Førde og i Hyen.


Vi søker veterinær eller fiskehelsebiolog i fast stilling. Det er ein fordel med erfaring frå fiskehelsearbeid og annan relevant praksis i havbruk, men nyutdanna og studentar som blir ferdige til våren/sommaren 2025, kan også søke.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode muligheiter for variert fagleg utvikling.

Kontorstad er i utgangspunktet Asheim, Førde eller Florø, men du kan komme med andre ynskje. Ved behov kan bolig på Asheim stillast til disposisjon, evt. som pendlarbolig. Du må disponere eigen bil.

Søknadsfrist er 10.03.2025.

Tilsetting frå 1. juli eller etter avtale.

AKVAVET GULEN AS

AKVAVET GULEN AS

Org. Nr 928 040 623
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Gulen, Norge
Søknadsfrist 2025-03-10
Kontaktperson
Navn Aud Asheim
Stillingstittel Dagleg ledar
E-post post@akvavet.no
Mobil 48 17 44 53
Søk på stilling
Stillingsannonse # 67B82377D87B7
Sist oppdatert 2025-02-23 00:04