Denne stillingsannonsen er utgått.

Teknisk Personell

Beskrivelse av arbeidsgiver

Onar Elektro og Rør vart stifta i januar 2018. Hovudarbeidsoppgåvene er planlegging, etablering, drift og vedlikehald av elektro, rør og tekniske installasjonar for Meidell konsernet/Alsaker Fjordbruk sine bygg og anlegg. Selskapet har pr. i dag 4 tilsette og 1 lærling, og har base på Onarheim.

Onar Elektro og Rør AS aukar no staben, og treng teknisk personell hovedsakelig til drift og vedlikehaldsoppgåver ved Onarheim Bruk AS, som ligg på Onarheim i Tysnes kommune (les meir på www.onar.no).

Anlegget er Alsaker Fjordbruk si satsing på rensefisk, som vert nytta til biologisk avlusing av oppdrettslaks. Me produserer frå rogn til luseetande fisk, og er pr. i dag ein av landets største produsentar av rensefisk.

Anlegget gjennomgår no ei storstilt utbygging, og aukar produksjonen av både rognkjeks og berggylt. RAS teknologi er planlagt installert under denne utbygginga.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Drift og vedlikehald av bygg, RAS-/produksjonsanlegg, pumper, elektronikk
  • Feilsøking og reparasjonar
  • Oppfølging av vedlikehaldssystem
  • Installasjon/oppgradering av utstyr

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som elektriker, automatiker, rørlegger eller tilsvarande teknisk utdanning
  • Erfaring med drift og vedlikehald av tilsvarande anlegg
  • Er engasjert, driftig og har evne til å arbeida sjølvstendig
  • Fleksibel og positivt innstilt, og kan stå på når det trengs
  • Har god teknisk innsikt og praktisk erfaring
  • Førarkort klasse B

Me kan tilby deg:

  • Konkurransedyktig lønns-, pensjons- og forsikringsordningar
  • Utfordrande arbeidsoppgåver og varierte dagar
  • Jobb i eit av dei leiande norske oppdrettskonserna for produksjon av laks
  • Løn og tiltreding etter avtale. Me kan hjelpa deg å skaffa bustad

Søknadsfrist er innan 1. februar 2023

ONAR ELEKTRO OG RØR AS

ONAR ELEKTRO OG RØR AS

Org. Nr 920 259 448
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Onarheim
Søknadsfrist 2023-02-01
Kontaktperson
Navn Arild Rød
Stillingstittel Dagleg leiar
E-post jobb@fjordbruk.no
Mobil +47 96 09 44 10