Denne stillingsannonsen er utgått.

Teknisk koordinator/prosjekteringsleiar.

Beskrivelse av arbeidsgiver

Bulandet-modellen for landbasert akvakultur – berekraftig produksjon av laks og aure basert på norske naturlege fortrinn. 

Bulandet Miljøfisk AS er eit utviklingsselskap i Askvoll kommune som har fått tildelt fem konsesjonar a`780 tonn MTB for landbasert produksjon av laks og aure. Selskapet sin teknologi (Bulandet-modellen) kombinerer gjennomstrøyming med ei viss grad av resirkulering utan bruk av RAS-teknologi og biofilter. Prosjektet har fått støtte gjennom Miljøteknologiordninga, og Bulandet Miljøfisk samarbeider tett med FoU-institusjonar som Norce og Universitetet i Bergen. Selskapet er medeigar i Akvahub som fungerer som selskapet si FoU-avdeling. 


Bli med å forme havbruksnæringa på land! 

Vår prosjekteringsleiar har gått over i rolla som prosjektleiar for utbyggingsprosjektet.  Vi søker derfor etter Teknisk koordinator/prosjekteringsleiar.

Dette er ei moglegheit til å bli ein nøkkelperson i teamet som planlegg og bygg akvakulturanlegg etter «Bulandet-modellen». Stillinga rapporterer til prosjektleiar.

Vi kan tilby desse arbeidsoppgåvene:

  • Leie prosjekteringsarbeidet, gjennom blant anna å leie prosjekteringsmøter, koordinere eksternt prosjekteringsarbeid og leie internt prosjekteringsarbeid.
  • Følgje opp leverandørar og bidra til robuste og gode biologiske/teknisk løysingar
  • Ta del i oppgåver knytt til kvalitetssikring og risikoanalyse.
  • Administrere teknisk prosjektdokumentasjon (FDV, dokumentasjon mot regelverk)
  • Bidra fysisk i test- og oppstartsfase, samt bistå med etablering av gode driftsrutinar.
  • Overføre driftserfaring frå pilot og inn i prosjektering av fullskala anlegg
  • Initiere prosjekteringsarbeidet for fullskala utbygging

Vi ynskjer desse faglege kvalifikasjonane:

  • Relevant erfaring og teknisk bakgrunn frå havbruksnæringa (Gjerne frå bygging/ombygging av landbasert oppdrett)
  • Teknisk og tverrfagleg arbeidserfaring
  • Høgare teknisk utdanning som t.d. maskiningeniør eller innan marin teknikk er ein fordel.
  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk
  • Førarkort klasse B

Vi er på jakt etter desse personlege kvalifikasjonane:

  • Du er ansvarsfull og tar eigarskap
  • Du jobbar metodisk og systematisk
  • Du er ein lagspelar.

Vi kan elles tilby:

  • 100% fast stilling 
  • Lønnsvilkår etter avtale
  • Handlingsrom og sjølvstende
  • Eit godt og spennande utviklingsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsstad er Leirvik i Sogn i Hyllestad kommune og Bulandet i Askvoll kommune.

Søknad med CV kan sendast snarast og innan 18. november 2020 til Post@miljofisk.no


BULANDET MILJØFISK AS

BULANDET MILJØFISK AS

Org. Nr 916 066 899
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Leirvik,Bulandet, Norge
Søknadsfrist 2020-11-18
Kontaktpersoner
Navn Christian Hatlem Skår
Stillingstittel Prosjektleiar
E-post Christian@miljofisk.no
Mobil +47 452 26 079
Navn Hans Haddal.
Stillingstittel Dagleg leiar
E-post Hans@miljofisk.no
Mobil +47 414 46 452