Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen. Me forsyner verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikrar at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.
Våre 60 dyktige tilsette har målretta fokus på berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Lingalaks skal vera ei "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon".
Teknisk innkjøpar søkjast til framtidsretta havbruksselskap
Er du ein teknisk interessert og framoverlent innkjøpar med teft for forretningsutvikling? Har du lyst til å vere ein sentral aktør i eit selskap som prioriterer berekraft, innovasjon og kvalitet?
Som teknisk innkjøpar vil du få ei nøkkelrolle i arbeidet med å styrke innkjøpsfunksjonen vår. Du vil jobbe tett med produksjonsavdelinga og leverandørane våre for å sikre at selskapet tek strategiske og framtidsretta val. Alt for at me skal produsera fisk på best mogeleg måte.
Dette er ei rolle med store utviklingsmoglegheiter, der du vil vere med på å forme morgondagens innkjøpsprosessar og bidra til kontinuerleg forbetring i alle ledd av verdikjeda vår. Rolla rapporterer til CFO og samarbeider tett med vår senior innkjøpar, samt har kontaktflate på tvers av heile organisasjonen.
Dine hovudoppgåver:
Me søkjer deg som har:
Me tilbyr deg:
Er du klar til å bli ein viktig del av teamet vårt? Send søknaden din til oss innan 01.12.24 og bli med på reisa mot ein berekraftig og innovativ framtid!
Arbeidssted | null |
Søknadsfrist | 2024-12-01 |
Navn | Ørjan Drønen Madsen |
Stillingstittel | Økonomi-og administrasjonsleiar |
Mobil | 41 69 19 90 |