Havforskningsinstituttet (HI) er ett av de største marine forskningsinstituttene i Europa, med vel 1100 ansatte, en rekke forskningsfasiliteter og laboratorier av høy internasjonal standard. Hovedaktivitetene våre er forskning, rådgivning og overvåkning. Havforskningsinstituttet eier og drifter seks forskningsfartøy. Hovedkontoret vårt ligger i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskningsstasjoner i Matre, Austevoll og Flødevigen.
Havforskningsinstituttet skal være en ledende kunnskapsleverandør for å sikre en bærekraftig forvaltning av ressursene i de marine økosystemene, både nasjonalt og internasjonalt, og for hele kjeden fra hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.
Ved Havforskingsinstituttets forskingsstasjon på Matre i Masfjorden kommune er det ledig fast stilling som stasjonsleiar. Du vil vere ansvarleg for at stasjonen har gode rutinar og at drifta er innanfor dei rammene som regelverket og budsjettet gir. Du vil ha det overordna ansvaret for drifta på stasjonen, og for at stasjonen følgjer opp dei myndigheitskrava som til ei kvar tid gjeld.
Stillinga vil ha personalansvar for om lag 24 fast tilsette samt lærlingar. I tillegg skal stillingsinnehavaren koordinere forskingsaktivitetane og jobbe langsiktig for å utvikle stasjonen. Vi ser etter ein person som kjenner havbruk, som trivst med å jobbe med menneske og som meistrar bruk av IT. Du bør vere fagleg interessert i biologi, og ha evna til å jobbe strukturert og målretta. Vi ønskjer at søkjar innehar ein akademisk bakgrunn på masternivå eller høgare. Det er viktig at søkjar meistrar norsk og engelsk både munnleg og skriftleg, då vi har eit internasjonalt kollegium.
Stasjonsleiars hovudoppgåver er
Kvalifikasjonar
Vi tilbyr
Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.
Dersom det finns kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava her.
For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.
Ytterlegare informasjon
Ønskjer du meir informasjon? Ta kontakt med avdelingsdirektør Øystein Brun via e-post: oystein.brun@hi.no eller på telefon: 990 92 821
Søknad sendast inn elektronisk via lenkje på denne sida.
Følgjande dokument skal leggjast ved søknaden:
Hjemmeside | www.hi.no |
Arbeidssted | Forskningsstasjonen Matre |
Søknadsfrist | 2024-09-09 |
Navn | Øystein Brun |
Stillingstittel | Avdelingsdirektør |
E-post | oystein.brun@hi.no |
Mobil | 99092821 |