Skipsførar

Beskrivelse av arbeidsgiver

Lingalaks Service AS er eit dotterselskap av Lingalaks AS som starta opp drift frå 1. juli 2021. Me skal levera marknadens beste servicetenester til Lingalaks og andre kundar innan oppdrett. 

Hovedoppgåvene til Lingalaks Service er å sikre god gjennomføringsevne av arbeidsoperasjonar. Me har sterkt fokus på sikkerheitskultur og god fiskevelferd- som er avgjerande for å kunne driva med produksjon av matfisk, innfri myndighetskrav, og oppnå produksjonsresultat som sikrar bærekraftig økonomi.

Me er opptatt av å skape eit helsefremjande arbeidsmiljø kor ansatte opplev trivsel og får moglegheit for fagleg utvikling. 

Vil du bli en del av teamet i Lingalaks Service AS?

Me søkjer skipsførar til fast stilling i Lingalaks Service AS. Hjå oss er det viktig at ansatte opplever meistring og personleg utvikling. Derfor jobbar me for at den enkelte skal ha ein variert arbeidskvardag med ansvar og meining. Me ser etter ein pliktoppfyllande skipsførar som er god på team-arbeid og har høgt fokus på sikkerheit. Du må lika å jobbe tett med andre menneskjer.  

Lingalaks Service utfører samtlege service oppdrag for Lingalaks, her vil du få ein variert kvardag der du blir med på klargjering og opprydding av lokalitet før og etter utsett. Fortøyningsoppdrag og slep, behandling og levering av fisk. Service og vedlikehald på anlegga, montering av utstyr etc.   

Stillinga vil vera knytt til vårt servicefartøy med overnattings-kapasitet, og vil operere primært i Hardangerfjorden og i Nordhordaland. 

Arbeidsoppgåver 

  • Aktivt leia operasjonar og styre mannskap som er med på operasjonen samt sjå til at personell kjenner til og følger de prosedyrar og arbeidsmetodar som gjeld, inkludert HMS 
  • Sikre at vedlikehaldsrutinar blir fylgt opp 
  • Føring av dekk- og radiobok 
  • Utarbeide arbeidsrapportar dagleg 
  • Halde navigasjonskarta oppdatert 
  • Rapportere til operativ leiar 

Ønskeleg med 

  • Relevant fagbrev innan eks. akvakultur eller matros
  • D6 eller høgare  
  • Kompetansebevis Ankerhandtering  
  • Kompetansebevis Løfteoperasjonar  
  • SRC, radiosertifikat eller høgare  
  • Sikkerheitskurs for sjøfolk, STCW  
  • Erfaring i frå Havbruk eller Fiskeri 

Personlege eigenskapar 

  • Me ser etter deg som har; 
  • Gode samarbeidsevner 
  • Løysningsorientert 
  • Du er tydeleg og har gode kommunikasjonseigenskapar 
  • Risikobevisst med fokus på HMS 

Me tilbyr

Selskapet vil forhalda seg til tariffavtale for service – og flerbruksfartøy mellom Sjøoffisers forbundet og Sjømat Norge. Me har skiftordning med 2 veker på og 2 veker av. ihht. 84 timars veke.

Lingalaks Service AS tilbyr eit godt arbeidsmiljø og konkurransedyktige vilkår. 

LINGALAKS SERVICE AS

LINGALAKS SERVICE AS

Org. Nr 926 970 232
Stillingsdetaljer
Arbeidssted null
Søknadsfrist Snarest
Kontaktperson
Navn Kjetil Fauskanger Rød
Stillingstittel Driftsleder Fartøy
Mobil 97 60 47 49
Søk på stilling
Stillingsannonse # 689C851D7EBE6
Sist oppdatert 2025-08-14 15:17