Senterleiar – Lysefjorden Havbrukssenter

Beskrivelse av arbeidsgiver

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med  36 matfiskkonsesjonar, 5 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 4 milliardar i omsetnad og er om lag 400 tilsette i Hordaland og Rogaland.  Les om oss på  www.alsaker.no

Lysefjorden Havbrukssenter er Alsaker-konsernet sitt nye formidlingssenter for havbruk. Senteret opnar våren 2027.

Me treng ein leiar, som ynskjer å ta ansvar for å bygge opp og drive vårt framtidsretta formidlingssenter. Ein operativ leiar som får fram det beste i folk sine tankar om det å byggje og utvikle ei av Noreg sine mest attraktive næringar. Me er godt i gong med å utvikle senteret sitt innhald og profil. No ynskjer me å få deg med på laget. Er du vår;

Senterleiar, som skal ta havbrukssenteret inn i framtida?

Lysefjorden Havbrukssenter vert eitt av to formidlingssenter, som vert utvikla og drifta av Alsaker-konsernet. I dag driv me Røvær Havbrukssenter, som opna i 2018. Havbrukssentra er retta inn mot turistbesøk og elev-/studentgrupper.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vert å:

  • Formidle kunnskap om havbruk til turistar, elevar, studentar og samarbeidspartnarar
  • Byggje relasjonar mot ulike kundegrupper og marknadsføre senteret
  • Vera vårt ansikt utad lokalt/regionalt
  • Planleggje og gjennomføre visningsturar og arrangement
  • Ansvar for senteret si heilskaplege utvikling og drift

Kven kan du vera:

  • Du er engasjert og har gode formidlingsevner
  • Du er praktisk og pedagogisk anlagt
  • Du er ryddig og vant til å jobbe med fleire ting samstundes
  • Du jobbar godt saman med andre og har leiareigenskapar
  • Du er sjølvgåande og fleksibel
  • Du er båtvand

Det er ein fordel om du har kjennskap til havbruksnæringa.

Arbeidsstad er Lysefjordsenteret på Oanes i Strand kommune. Løn og oppstart etter avtale.

Ta kontakt med Even Søfteland (951 58 814) eller Kristian Råsberg (992 10 109) om du ynskjer meir informasjon.

Lysefjorden Havbrukssenter er eit heilt nytt opplevingssenter som skal gje den besøkande innsikt i, og kunnskap om moderne havbruk. Havbrukssenteret er plassert ved inngongen til Lysefjorden, i Strand kommune, og vil mellom anna innehalde aktive, moderne og kunnskapsbaserte utstillingar, serveringsverksemd, ulike arrangement og visningsturar til våre sjølokalitetar.

Lysefjorden Havbrukssenter er eigd av Alsaker-konsernet med hovudsete på Onarheim i Tysnes kommune. Konsernet er eit heilintegrert havbruksselskap, og av dei mest anerkjende havbrukskonserna internasjonalt.

ALSAKER FJORDBRUK

ALSAKER FJORDBRUK

Stillingsdetaljer
Arbeidssted Oanes, Norge
Søknadsfrist 2026-11-06
Kontaktpersoner
Navn Even Søfteland
E-post even@capmare.no
Mobil 951 58 814
Navn Kristian Råsberg
Stillingstittel Samfunnskontakt
E-post kristian.rasberg@fjordbruk.no
Mobil 992 10 109
Søk på stilling
Stillingsannonse # 6AD9D2BDD2678
Sist oppdatert 2026-10-22 12:23