Salgskoordinator

Beskrivelse av arbeidsgiver

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med  24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland.  Les om oss på  www.alsaker.no

Me styrker vårt salgsteam og søkjer no etter Salgskoordinator

I stillinga som salgskoordinator vert du ein viktig brikke i vårt salg av Alsaker-laksen.

Me ser etter ein kundeorientert person, med gode kremmareigenskapar. I jobben som salgskoordinator er du framoverlent, og du likar hektiske og varierte dagar.

Arbeidsoppgåvene består primært av oppfølging av salgsordrar, logistikk og salg til våre kundar.

Den rette personen må difor ha relevant utdanning og/eller erfaring frå salg- og marknadsarbeid. Du arbeidar systematisk og målretta, har god talforståing og IT kunnskapar. Norsk og engelsk er arbeidsspråk.

Arbeidsstaden er på Onarheim i Tysnes kommune.

Arbeidsområde:

  • Delta i slakteplanlegging og salg til våre kundar
  • Kredittovervåking
  • Logistikk og dokumenthandtering
  • Statistikk, benchmarking og rapportering
  • Reklamasjonsarbeid

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Kremmareigenskapar /god økonomisk forståing
  • Relevant utdanning, og/eller erfaring frå salg- og marknadsarbeid
  • Gode IT-kunnskapar
  • Strukturert, målretta og systematisk

Me kan tilby:

  • Jobb i eit av dei leiande norske konserna for oppdrett av laks
  • Ein organisasjon med høg kompetanse og dedikerte medarbeidarar
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit variert og hektisk miljø i ein spennande bransje
  • Konkurransedyktige vilkår

Stillinga vil føre til noko reiseaktivitet.

Løn og tiltreding etter avtale. Me kan hjelpa deg å skaffa bustad.

Vil du bli vår nye kollega?

Søknadar vil bli vurdert forløpande.

ALSAKER FJORDBRUK

ALSAKER FJORDBRUK

Stillingsdetaljer
Arbeidssted Onarheim
Søknadsfrist 2025-11-19
Kontaktperson
Navn Bjørn Rino Jacobsen
Stillingstittel Salgssjef
E-post rino.jacobsen@fjordbruk.no
Mobil 99210133
Søk på stilling
Stillingsannonse # 6909F1D0A301B
Sist oppdatert 2025-11-04 18:40