Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Salar Bruk AS ligg nordvest i Alver kommune, nede ved sjøen heilt aust i Rosslandspollen og i enden av Rylandsvassdraget. Alver er nabokommune til Bergen, med reisetid frå Bergen sentrum til kommunesenteret Frekhaug på under ein halv time. Kommunen er landfast via Nordhordlandsbrua og er såleis det geografiske bindeleddet mellom Bergen og Nordhordland.
Bruket har gjennomgått ei omfattande modernisering, og framstår i dag som eit moderne settefiskanlegg, med ein kapasitet på 11,5 mill smolt. No er me 12 motiverte tilsette som no søkjer ny medarbeidar.
Me er på jakt etter deg som er like framoverlent som oss, og som ynskjer å bli med på laget i å produsere sunn og god mat til kundar over heile verda.
Di interesse for akvakultur gjer at du ynskjer deg jobb i havbruksnæringa. Du er ansvarsbevisst, engasjert og ein bidragsytar i arbeidsmiljøet.
Ein driftsoperatør sine daglege arbeidsoppgåver er mellom anna:
Ynskjelege kvalifikasjonar:
På jobb på Salar Bruk AS vil du arbeida i eit av dei leiande norske oppdrettskonserna i Noreg, eit spanande miljø der fokus er å gjera det me er best på, nemleg produsera laks.
Våre dedikerte medarbeidarar spelar ei særs viktig rolle for å gje settefisken vår dei aller beste vekstvilkåra, og er alltid framoverlent for å yte maks for best mogleg produksjon.
Me kan tilby deg naudsynt opplæring, kjekke kollegaer, og varierte arbeidsdagar
Me oppmodar personar med lokal tilknyting om å søkja.
Driftsoperatør må pårekna å delta i alarm- og helgevaktordning på anlegget, med fleksibel avspaseringsordning.
Løn og tiltreding etter avtale.
Søknadsfrist snarast og innan 13. juni 2025
Hjemmeside | alsaker.no |
Arbeidssted | null |
Søknadsfrist | 2025-06-13 |
Navn | Jørn Fanavoll |
Stillingstittel | Driftsleiar |
E-post | jorn.fanavoll@fjordbruk.no |
Mobil | 99209825 |
Stillingsannonse # | 6836C796E6AC3 |
Sist oppdatert | 2025-05-30 21:49 |