RENSEFISKKOORDINATOR

Beskrivelse av arbeidsgiver

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med  36 matfiskkonsesjonar, 5 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 4 milliardar i omsetnad og er om lag 400 tilsette i Hordaland og Rogaland.  Les om oss på  www.alsaker.no

Bruk av rensefisk er ein viktig del av arbeidet vårt med biologisk kontroll av lakselus. Me nyttar både rognkjeks og berggylt i sjøanlegga våre, og har eigen produksjon av rensefisk ved Onarheim Bruk.

For å styrkja arbeidet med rensefisk søkjer me no etter ein Rensefiskkoordinator som skal bidra til god fiskevelferd og best mogleg bruk av rensefisk på lokalitetane våre.

Arbeidsoppgåver

Som rensefiskkoordinator vil du ha ei fagleg og operativ rolle og arbeida tett saman med lokalitetane og fagmiljøet vårt innan fiskehelse.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vera å:

  • følgja opp bruk, stell og fiskevelferd for rensefisk på sjølokalitetane
  • vera ein fagleg ressurs og bidra til gode rutinar og erfaringsdeling på tvers av lokalitetane
  • følgja opp dokumentasjon og andre administrative oppgåver
  • ha kontakt med myndigheiter og leverandørar
  • følgja opp utfisking og evaluera resultat
  • bidra til utvikling og optimalisering av bruken av rensefisk

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som har relevant utdanning og/eller erfaring frå havbruk, fiskehelse eller anna relevant biologisk arbeid. Praktisk erfaring frå oppdrettsnæringa vil vera ein fordel.

Du trivst med ein variert og praktisk arbeidskvardag, tek initiativ og arbeidar sjølvstendig. Samstundes er du lett å samarbeide med, og du ivrar for å motivere og vidareføre kunnskapen din.

Me ser gjerne at du:

  • har interesse for fiskevelferd og biologisk produksjon
  • arbeidar strukturert og løysingsorientert
  • trivst med å kombinera fagleg arbeid med praktisk oppfølging ute på lokalitetane
  • er nysgjerrig og held deg oppdatert på utviklinga innan fagområdet
  • kommuniserer godt og evnar å få med deg andre
  • har gode digitale ferdigheter

Om stillinga

Rensefiskkoordinator er ei operativ stilling med kontorstad på Onarheim. Ein viktig del av arbeidet skjer ute på sjølokalitetane våre, og det må derfor påreknast ein del reiseaktivitet.

Stillinga er ein del av rensefiskteamet vårt, der teamet også samarbeidar tett med produksjonsavdelinga, og er ein del av vårt solide fagmiljø på fiskehelsesida.

Me tilbyr

  • ein variert og sjølvstendig jobb i eit solid norsk oppdrettskonsern
  • ein arbeidskvardag tett på både fisken, drifta og fagmiljøet
  • høve til å påverka og vidareutvikla arbeidet med rensefisk
  • eit godt fag- og arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • konkurransedyktige vilkår
ALSAKER FJORDBRUK

ALSAKER FJORDBRUK

Stillingsdetaljer
Arbeidssted Onarheim, Norge
Søknadsfrist 2026-11-10
Kontaktpersoner
Navn Kari Lillesund
Stillingstittel Fiskehelsesjef
E-post kari.lillesund@fjordbruk.no
Mobil 99210119
Navn Geir Innvær
Stillingstittel Rensefiskkoordinator
E-post geir.innvar@fjordbruk.no
Mobil 41745131
Søk på stilling
Stillingsannonse # 6AD9D17E940C6
Sist oppdatert 2026-10-22 12:23