Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks.
Fokuset vårt er å gjera det me er best på!
Dette betyr at me konsentrerer oss om produksjon av laks; Frå innlegg av rogn, til settefisk og vidare til matfisk og slakteri. Sluttproduktet vårt er sløyd, fersk laks i kassar for den internasjonale marknaden.
Aktiviteten vår har sitt utspring i Sunnhordland, nærare lokalisert til Onarheim i Tysnes kommune. Her kjem friskt brevatn frå m.a. Folgefonna og møter ein av Noregs rikaste fjordsystem – Hardangerfjorden.
Nordsjø Fjordbruk avd. Rogaland har pr. i dag matfiskproduksjon på 6 lokalitetar; Bjelkavik, Borgarli, Vintravik (Ropeidhalvøya), Langøy/Håøy, Ådnøy og Rossholmen, og har omlag 30 tilsette.
LOKALITETSANSVARLEG - BORGARLI
"Borgarli" ligg like utanfor Hebnes i Nedstrandsfjorden på Ropeidhalvøya. Lokaliteten er eigd av Nordsjø Fjordbruk AS, eit selskap i Alsakerkonsernet. Teamet består av 5 faste tilsette, som har dagleg utfart frå Nedstrand og Vormestrand nær Hebnes.
Som lokalitetsansvarleg på Borgarli har du ei viktig rolle i den daglege drifta av lokaliteten. Du er tett på både drift og medarbeidarar, og jobbar saman med eit erfarent fagmiljø for å sikre god gjennomføring i kvardagen. Stillinga inneber ansvar for planlegging, oppfølging og koordinering av arbeidet på anlegget, i samarbeid med driftssjef og resten av organisasjonen.
Me ser etter deg som trivst med ansvar i praksis, som likar å ha oversikt i kvardagen, og som bidreg til at både folk og drift fungerer godt saman. Fokuset vårt er god fiskehelse, trygg drift og eit arbeidsmiljø der folk tek vare på kvarandre.
Er du motivert for større utfordringar enn ei vanleg røktarstilling kan gje deg? Kjenner du at det er på tide med meir ansvar, eller har du lang erfaring og ønskjer nye impulsar i kvardagen? Då håpar me du vil søkje hos oss.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
Ynskjelege kvalifikasjonar:
På jobb i Nordsjø Fjordbruk vil du arbeida i eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, i eit fagleg sterkt og spanande miljø der fokuset er å gjera det me er best på – å produsera laks.
Våre dedikerte medarbeidarar er avgjerande for å sikre god drift på lokalitetane våre, og me legg stor vekt på kompetanse, samarbeid og eit godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr naudsynt opplæring, kjekke og engasjerte kollegaer, varierte arbeidsdagar og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Me oppmodar særleg personar med lokal tilknyting om å søkje.
| Arbeidssted | Ropeid, Suldal, Norge |
| Søknadsfrist | 2026-05-04 |
| Navn | Øyvind Bokn |
| Stillingstittel | Driftsjef |
| E-post | oyvind.bokn@fjordbruk.no |
| Mobil | 99210193 |
| Stillingsannonse # | 69E22860B985F |
| Sist oppdatert | 2026-04-17 16:57 |