Denne stillingsannonsen er utgått.

Me søkjer HR-Rådgjevar!

Beskrivelse av arbeidsgiver

Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen. Me forsyner verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikrar at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.


Våre 60 dyktige tilsette har målretta fokus på berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Lingalaks skal vera ei "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon".

Lingalaks veks og me har store ambisjonar for berekraftig matproduksjon i fjordane våre. For å styrke arbeidet rundt vår viktigaste ressurs, menneska, søkjer me no etter ein HR-Rådgjevar til nyoppretta stilling.   

Med din erfaring frå operativ HR vil du få ei sentral rolle med ansvar for å leie prosessarbeid og initiativ for beste praksis innan HR. Me ynskjer å sikre gjennomføringskraft og endringskapasitet i organisasjonen for å rigge oss best mogleg for framtida. Stillinga vil rapportere direkte til dagleg leiar. 

Arbeidsoppgåver

  • Bistå leiarane for å sikre ei god medarbeidaroppleving  
  • Utvikle og implementere standardiserte prosessar innan HR-funksjonen
  • Sikre overhalding av relevante lover, forskrifter og selskapets retningslinjer 
  • Ansvar for selskapet sin løns- og personalpolitikk inkludert lønsforhandlingar
  • Bistå og sikre profesjonell gjennomføring av rekrutteringsprosessar
  • Ansvar for personaladministrative oppgåver
  • Sikre oppfølging av verksemda sine kompetansekrav
  • Leiarutvikling og kompetanseutvikling av medarbeidarar
  • Utvikle HR-strategien til selskapet iht. forretningsstrategien
  • Fremja eit godt arbeidsmiljø og god trivnad i hele verksemda
  • Bidra til å byggje ei framtidsretta og datadriven organisasjon, med å aktivt søkje nye løysingar for langsiktig suksess.  

Me søkjer ein tillits- og relasjonsbyggjar som evner å sjå samanhengar mellom forretningsstrategi og organisasjonsutvikling:

  • Minimum 3-5 års erfaring innen HR-faget 
  • Høgare utdanning innanfor ledelse, HR, personal, organisasjonsutvikling eller andre relevante fagområder 
  • Har god oversikt, og kunnskap, om relevante lover og reglar
  • Vert motivert av å kombinera personaladministrative oppgåver med strategisk HR 
  • Er initiativrik og ønsker å bidra til at selskapet når sine overordna mål
  • Er proaktiv, sjølvstendig og evnar å forme og utvikle HR som fagområde i selskapet
  • Har gode samarbeidsevner og er oppteken av å gjera andre og fellesskapet gode
  • Har sterk gjennomføringsevne og gode kommunikasjonseigenskaper 

Kva me tilbyr

Ei svært sentral stilling i eit solid og veldrive selskap med føremål å produsera næringsrik mat der berekraft og god fiskehelse er rettesnorer. Meiningsfulle og inspirerande arbeidsoppgåver, med stor innverknad på eigen arbeidskvardag og utvikling. Me tilbyr konkurransedyktige vilkår i eit stimulerande, dyktig og engasjerande kollegium, med gode kontortilhøve sentralt plassert i Norheimsund. Det vil vere mogleg å benytte kontorplass i Bergen nokre dager i veka. 

LINGALAKS AS

LINGALAKS AS

Org. Nr 960 900 626
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Bergen, delvis hjemmekontor. Andre plasser
Søknadsfrist 2024-01-27
Kontaktperson
Navn Nina Møgster
Stillingstittel Dagleg leiar
Mobil 48 05 73 22