Alsaker konsernet sin brønnbåt er bygd i Bilbao i Spania, av verftet Astilleros de Murueta. Fartøyet er designa av Salt Ship Design og vart levert i slutten av mars 2021.
Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern, og er ein av dei største privateigde aktørane innan produksjon av smolt og matfisk. Konsernet har utvikla og driv fleire smoltanlegg, eige slakteri og har eit stort tal matfiskkonsesjonar.
Partane har samarbeidd over lengre tid for å utvikla eit brønnbåtdesign med utgangspunkt i skånsam fiskehandtering i kombinasjon med sterkt fokus på hygiene, miljø og kvalitet.
Fartøyet har fleire nye og spanande designløysingar, og innebygd ein stor fleksibilitet i høve til ulike typar behandlingsmetodar.
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Grunna interne opprykk er det no ledig stilling som matros på vår flotte brønnbåt.
Me er på jakt etter deg som er like framoverlent som oss, og som ynskjer å bli med på laget i å produsere sunn og god mat til kundar over heile verda.
M/S Kristoffer Tronds er utstyrt med ein omfattande fiskebehandlingspakke frå MMC som gjev unik fleksibilitet.
Det er lagt stor vekt på fiskevelferd og teknologi innan behandling, sortering og transport av fisk og fartøyet har mellom anna:
Brønnbåten er ein integrert del av verksemda i Alsaker konsernet og går i skipsfart mellom lokalitetane våre i Hordaland og Rogaland, og har eit mannskap på 12 personar.
Ein matros sine daglege oppgåver er mellom anna
Krav til kvalifikasjonar
Det er ønskelig med deg som har erfaring fra brønnbåt eller havbruk.
Ønskede personlege eigenskaper
Det er praktisk om du bor i Vestland eller Rogaland.
Me tilbyr
Er du den me ser etter? Ikkje nøl med å senda inn din søknad! Me ser fram til å lesa om dine erfaringar og korleis du kan bidra til teamet vårt.
Søknadsfrist | 2024-05-06 |
Navn | Lise Iren Sandtorv |
Stillingstittel | Mannskapssjef |
E-post | jobb@fjordbruk.no |
Mobil | 99210137 |