Denne stillingsannonsen er utgått.

Lokalitetsleiarar, Masfjorden

Beskrivelse av arbeidsgiver

Engesund Fiskeoppdrett AS er eit oppdrettsselskap som produserer 4-5000 tonn aure og laks kvart år. Med hovudkontor i Fitjar kommune. Selskapet starta i 1987, og har lokalitetar i Fitjar, Masfjorden og Solund. Mottakslokalet/resepsjon for Visningssenteret ligg i Fitjar sentrum, medan sjølve visningssenteret ligg ute i Fitjarøyane. 

Visningssenteret er ein sentral del av verksemda til Engesund Fiskeoppdrett, og er viktig for både drifta og for kommunen Fitjar. Det er blitt eit flott opplevingssenter innan både reiseliv og undervisning. På visningssenteret er målet å formidle faktabasert kunnskap om oppdrettsnæringa gjennom guida turar for alle gjestar som kjem. Selskapet er stadig under utvikling basert på ny teknologi, både i drifta og på visninga.

I Masfjorden har me lokalitetane Laberget, Leirvika, Duesund og Ådnekvamme. På sistnemnde driv me produksjon i semilukka betonganlegg. Som lokalitetsleiar vil du få ansvar for to lokalitetar, og jobbe i team med leiaren for dei to andre lokalitetane. Normal arbeidstid er måndag til fredag, men noko helgearbeid må påreknast.

ARBEIDSOPPGÅVER

  • Ansvar for den daglege drifta på lokalitetane
  • Planlegge og koordinere drift og operasjonar
  • Sørge for optimal utnytting av tilgjengelege ressursar
  • Oppfølging av HMS og internkontroll
  • Oppfølging og rapportering av produksjonsdata
  • Lede vedlikehald og ettersyn av produksjonsutstyr

KVALIFIKASJONAR

  • Gode leiarevner
  • Fagbrev eller høgare utdanning innan akvakultur
  • Erfaring frå matfiskoppdrett
  • Gode tekniske kunnskapar
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Beherske både norsk og engelsk som arbeidsspråk, både munnleg og skriftleg

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Påliteleg og flink til å samarbeide
  • Trivst i ein hektisk kvardag og bidrar til et godt arbeidsmiljø
  • Pågangsmot og stor arbeidskapasitet
  • Strukturert og målretta

ME TILBYR

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Bonusordning
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ei framtidsretta næring
  • Ansvar og høve til å påverke drifta

Søknadsfrist: 11. mars

Oppstart: Etter avtale

Søknad med CV sendast til oyvind@havbrukspartner.no 

ENGESUND FISKEOPPDRETT AS

ENGESUND FISKEOPPDRETT AS

Org. Nr 923 070 591
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Masfjorden, Vestland, Norge
Søknadsfrist 2022-03-11
Kontaktpersoner
Navn Øyvind Kråkås
Stillingstittel Rådgjevar
E-post oyvind@havbrukspartner.no
Mobil 902 88 064
Navn Svein Eivind Gilje
Stillingstittel Dagleg leiar, Engesund Fiskeoppdrett
E-post sveg@engesund.no
Mobil 901 72 482