Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Tysnes Fjordbruk AS har pr. i dag matfiskproduksjon på 5 lokalitetar i Sunnhordland; Flornes, Lindarholmen, Onarøy, Skorpo og Ystanes. Selskapet har base på Onarheim, i Tysnes kommune, og dagleg utfart frå m.a Malkenes, Onarheim, Skorpo, Ølve, Herøysund og Husnes.
Selskapet, med base på Alsaker Brygge på Onarheim, vert drive av 20 tilsette i eit ungt og triveleg miljø!
Som lokalitetsansvarleg på ein av våre lokalitetar har du ein nøkkelrolle i den daglege drifta. Du vil få utfordre deg både som leiar og motivator, og dine kunnskapar om produksjonen er uvurderlege i det tette samarbeidet med driftsleiar.
Du trivst i ein leiande stilling, og er ambisiøs og motivert til drive å vidare den gode solide produksjonen av laks, som me har på våre lokalitetar.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
Ynskjelege kvalifikasjonar:
Me kan tilby deg:
Søknadsfrist 27. november 2022
Arbeidssted | Sunnhordland |
Søknadsfrist | 2022-11-27 |
Navn | Bjørn Tore Malkenes |
Stillingstittel | Driftssjef |
E-post | jobb@fjordbruk.no |
Telefon | 53430125 |
Mobil | 99210125 |