Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Tysnes Fjordbruk AS har pr. i dag matfiskproduksjon på 5 lokalitetar i Sunnhordland; Flornes, Lindarholmen, Onarøy, Skorpo og Ystanes. Selskapet har base på Onarheim, i Tysnes kommune, og dagleg utfart frå m.a Malkenes, Onarheim, Skorpo, Espevik, Ølve, Herøysund og Husnes.
Som lokalitetsansvarleg på ein av våre lokalitetar har du ein nøkkelrolle i den daglege drifta. Du vil få utfordre deg både som leiar og motivator, og dine kunnskapar om produksjonen er uvurderlege i det tette samarbeidet med driftsleiar.
Du trivst i ei leiande stilling, og er ambisiøs og motivert til drive å vidare den gode solide produksjonen av laks, som me har på våre lokalitetar.
Er du motivert for større utfordringar enn røktarstillinga di kan gje deg? Er du ein leiartype, og kjenner du at det er på tide med meir ansvar? Då burde du søkja hos oss!
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
Ynskjelege kvalifikasjonar:
Me kan tilby deg:
Arbeidssted | Sunnhordaland |
Søknadsfrist | 2023-09-24 |
Navn | Bjørn Tore Malkenes |
Stillingstittel | Driftssjef |
E-post | jobb@fjordbruk.no |
Telefon | 53430125 |
Mobil | 99210125 |