Stillingsannonse #6508162785E43
Sist oppdatert 2023-09-27 00:25

Leder for Kvalitet, HMS og Bærekraft

Beskrivelse av arbeidsgiver

Me har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen og er ein stolt forvaltar av nasjonalskattar. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn og omsetnat på 1 mrd kroner. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.

Vil du vere med å bidra til ein tryggare og meir berekraftig kvardag?

Me søkjer ein leiar som blir motivert av å gjere dagen sikrare, betre og meir berekraftig for medarbeidarar, kundar og fjordane våre, og som gjennom god internkontroll bidrar til lønnsemd og vekst. Vi ser etter deg som trivst like godt med det strategiske som det operasjonelle, som både kan delegere ansvar og oppgåver og vere utførande sjølv. Stillinga vil rapportere direkte til dagleg leiar og inngår i leiargruppa i selskapet.

Ansvarsområde

  • Utvikling, planlegging og implementering av arbeidet med HMS, kvalitet og berekraft i selskapet
  • Etablere strategi, mål og handlingsplanar innan HMS, kvalitet og berekraft, støttespelar og pådrivar for at desse vert forankra og gjennomført
  • Oppfølging av bedriftas eksisterande sertifiseringar og etablering av nye
  • Leia eller delta i revisjonar internt og eksternt
  • Leia eller delta i forbetringsarbeid
  • Prosessansvar for gjennomføring av risikoanalyser i selskapet
  • Ansvar for å setje mål for eininga og rapportere på måloppnåelse for sitt ansvarsområde
  • Personalansvar for avdelinga

Me søkjer deg som:

  • Solid og relevant erfaring frå arbeid med HMS, Kvalitet og berekraft
  • Utdanning på høgskulenivå og relevant erfaring frå tilsvarande stilling
  • Fortrinnsvis erfaring frå Havbruksnæringa
  • Er initiativrik og opptatt av at selskapet når sine overordna mål
  • Er sjølvstendig og evnar å utvikle rolla
  • Har gode samarbeidsevner og oppteken av å gjera andre og fellesskapet gode
  • Har sterk gjennomføringsevne og gode kommunikasjonseigenskaper

Kva me tilbyr

Ein svært sentral stilling i eit solid og veldrive selskap med føremål å produsera næringsrik mat der berekraft og god fiskehelse er rettesnorer. Meiningsfulle og inspirerande arbeidsoppgåver, med stor innverknad på eigen arbeidskvardag og utvikling. Me tilbyr konkurransedyktige vilkår i eit stimulerande, dyktig og engasjerande kollegium, med gode kontortilhøve sentralt plassert i Norheimsund. Kontorstad i Bergen er også mogleg.

LINGALAKS AS

LINGALAKS AS

Org. Nr 960 900 626
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Norheimsund eller Bergen
Søknadsfrist 2023-10-01
Kontaktperson
Navn Nina Møgster
Stillingstittel Daglig leiar
Mobil 48 05 73 22
Søk på stilling