Denne stillingsannonsen er utgått.

Kvalitetsleiar (Kvalitet/ HMS)

Beskrivelse av arbeidsgiver

Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen. Me forsyner verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikrar at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.


Våre 60 dyktige tilsette har målretta fokus på berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Lingalaks skal vera ei "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon".

Vil du ble en del av teamet i Lingalaks AS?

Kvalitetsleiar (Kvalitet/HMS) har overordna ansvar for at kvalitetssystema verkar og blir fylgt opp. I tillegg skal du sikra kvaliteten på prosessane og produktet i verdikjeda. Du vil arbeida med vidare utvikling av rutinar for kvalitetssikring og produksjonsoptimalisering. Me har stort fokus på berekraft, og arbeid innan dette vert sentralt framover. Stillinga rapporterer til dagleg leiar.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Ansvarleg for verksemda sitt HMS og IK-system, inkludert risikomodul
  • Ansvar for gjennomføring av ledelsens gjennomgang
  • Ansvar for gjennomføring av alle typar revisjonar, inkludert Global GAP og ASC
  • Gjennomføra, leia og bidra til oppfylging av risikoanalyseprosessar, inkludert rotårsaksanalyser
  • Sikra god dialog og erfaringsoverføring med alle delar av organisasjonen
  • Vidareutvikla og fylgja opp Kvalitet/HMS-årshjul
  • Etablere KPI’ar for bedrifta og struktur for målinger av desse
  • Bidra i vidareutvikling av revisjonsplanar og leia gjennomføring av verifikasjonar/revisjonar
  • Ivareta beredskapsfunksjon og gjennomføra opplæring /øvingar for personell innan beredskap
  • Initiera forbetringstiltak og gjennomføra målretta oppfylging i dagleg drift
  • Definera gode verktøy og ressursar for å fylgja opp og måle kvalitet, inkludert vidareutvikling av aktuelle applikasjonar/datasystem

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning, bachelor og/eller master, og gjerne innan næringsmiddelfag, kjemi eller biologi
  • Relevant erfaring frå kvalitets-og HMS arbeid
  • Erfaring frå oppdrett er ein stor fordel, men erfaring frå produksjon, gjerne av næringsmiddel, vil også verta vektlagt
  • God digital kompetanse

Me ser etter deg som:

  • Er kommunikativ og har god formidlingsevne
  • Er produksjonsretta og forretningsorientert
  • Har god strategisk og operativ forståing
  • Er strukturert og sjølvstendig
  • Tek initiativ – er ein drivar for vidareutvikling
  • Har høg arbeidskapasitet og energinivå
  • Er fleksibel og evnar å handtera mange "jern i elden"

Me kan mellom anna tilby:

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver i ei framtidsretta bedrift i rask utvikling
  • Kultur med fokus på berekraft, miljø og fiskevelferd
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling – store moglegheiter til å påverka
  • Organisasjon med eigarskap i store delar av "verdikjeda"
  • Lokalt forankra selskap som forsyner verdsmarknaden med kvalitetsfisk
  • Konkurransedyktige vilkår
LINGALAKS AS

LINGALAKS AS

Org. Nr 960 900 626
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Norheimsund, Vestland, Norge
Søknadsfrist 2022-05-20
Kontaktperson
Navn Jan Øyri
Stillingstittel HR Rådgjevar
Mobil 951 55 258