Denne stillingsannonsen er utgått.
Stillingsannonse #60B740F95BC4D
Sist oppdatert 2021-06-15 22:05

Fiskehelsebiolog/Veterinær

Beskrivelse av arbeidsgiver

Bremnes Seashore er ein del av Bremnes Fryseri-konsernet. Verksemda omfattar oppdrett av settefisk og matfisk, samt pakking, foredling og sal av laks. Me er om lag 400 tilsette og har aktivitet i ni kommunar i Hordaland og Rogaland. Me omsette i 2018 for 2,6 milliardar kroner. Gjennom fokus på fiskevelferd og kontinuerleg satsing på innovasjon og ny teknologi i alle ledd i produksjonsprosessen, har Bremnes Seashore gått i bresjen for å heva kvaliteten på norsk oppdrettslaks. Resultatet er lakseprodukt som er etterspurde over heile verda.

Gjennom fokus på fiskevelferd og kontinuerleg satsing på innovasjon i alle ledd i produksjonsprosessen, har Bremnes Seashore gått i bresjen for å heve kvaliteten på oppdrettslaks verda over. Norges første merkevare for fersk fisk, SALMA, er blant produkta du finn i vår produktportefølgje. For å halde oss i tet treng me stadig påfyll av nytenkande og engasjerte medarbeidarar. Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.

Me søkjer no etter ein blid og fagleg motivert fiskehelsebiolog eller veterinær til 1-årig vikariat frå 01.09.21. Stillinga er ein del av fiskehelseteamet i Bremnes Seashore og rapporterer til fiskehelsesjef. Arbeidsstad er fortrinnsvis ved hovudkontoret vårt på Bømlo, men andre løysingar kan vurderast. Noko reising til anlegg i Vestland og Rogaland må påreknast.

Arbeidsoppgåver

  • planlegging, gjennomføring og oppfølging av fiskehelsetiltak, både førebyggande og operative
  • kommunikasjon og samhandling med myndigheiter, samt andre eksterne og interne partar
  • bidra med internopplæring, informasjon- og kunnskapsutveksling
  • andre oppgåver som naturleg fell innunder området fiskehelse, t.d rensefiskarbeid, m.v.

Kvalifikasjonar

  • utdanning som veterinær eller fiskehelsebiolog
  • relevant arbeidserfaring
  • førarkort (og disponere eigen bil)

Personlege eigenskapar

  • evne til å uttrykke seg klart og tydeleg, både skriftleg og munnleg
  • strukturert og ryddig
  • god lagspelar 
  • sjølvstendig, med auge for å sjå og drive fram forbetringar
  • sterkt engasjement og evne til å jobbe målretta

Vi tilbyr

  • ei spennande og utfordrande rolle i ein bransje som er i sterk utvikling
  • faglege utfordringar og høve til å utvikla deg personleg i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
  • konkurransedyktige vilkår
  • god pensjons- og forsikringsordning
  • firmahytter i Røldal, Voss og Spania

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med fiskehelsesjef Øystein Staveland på tlf. 990 47 716

BREMNES SEASHORE AS

BREMNES SEASHORE AS

Org. Nr 836 597 702
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Bømlo, Vestland, Norge
Søknadsfrist 2021-06-15
Kontaktperson
Navn Øystein Staveland
Stillingstittel Fiskehelsesjef
Mobil 990 47 716