Denne stillingsannonsen er utgått.

Fiskehelseansvarleg

Beskrivelse av arbeidsgiver

Tubilah AS er eit selskap som produserer kveite for krevjande kundar både til inn- og utland. Selskapet har utvikla ny teknologi for produksjon av kveite i lukka anlegg. I 2022 kjøpte me opp Sogn Aqua, eit stort landbasert tilvekstanlegg som ligg i Ortnevik i Sogn.  Investeringa vil gjera oss i stand til å komma raskare opp i større produksjon.

Me står no framfor ei kraftig oppbygging av biomassen og skal i markanden med 2 000 tonn kveite innan 2027. Dette vil krevja fleire konsesjonar og lokalitetar og ikkje minst dyktige kollegaer som kan ta hand om dei utfordringar som kjem.

Oppdrett av kveite er ikkje heilt rett fram enno og det er mange «kodar» som må knekkast. Me vil ha vidare fokus på utvikling og innovasjon og det vil bli mange spanande arbeidsoppgåver for dei som ynskjer det.


Arbeidsoppgåver:

  • Produksjon- og kvalitetsoppfølging 
  • Fokus på biologiske resultat
  • Oppfølging av datafangst
  • Røkting og deltaking i vaktordning
  • Delta i innovasjonsprogrammet

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innan akvakultur eller tilsvarande lang relevant erfaring
  • Teknisk og biologisk innsikt
  • Erfaring innan akvakultur
  • Løysingsorientert og samarbeidsvillig 
  • Strukturert og ryddig

Me kan tilby ein interessant jobb med gode arbeidstilhøve. Fiskehelseansvarleg vil få ansvar knytt til innovasjonsprosjektet med mange spanande oppgåver. 

For meir informasjon, ta kontakt med Jan Ove Morlandstø på tlf: 90 83 77 32 eller e-post: jan.ove@tubilah.no, eller Per Arne Moldøen, tlf: 94 14 13 93 eller e-post: per.arne@tubilah.no

Skriftleg søknad sendast innan 01.10.2020 til:

Tubilah AS

Stavlandsveien 5

Bømlo Storsenter

5430 Bremnes


TUBILAH AS

TUBILAH AS

Org. Nr 987 560 835
Kontaktinformasjon
Hjemmeside www.tubilah.no
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Bømlo, Hordaland, Norge
Søknadsfrist 2020-10-01
Kontaktpersoner
Navn Jan Ove Morlandstø
Stillingstittel Daglig leder
E-post jan.ove@tubilah.no
Mobil 90 83 77 32
Navn Per Arne Moldøen
Stillingstittel .
E-post per.arne@tubilah.no
Mobil 94 14 13 93