Denne stillingsannonsen er utgått.

Fast 100 % Fusa vgs Naturbruk- og akvakultur

Beskrivelse av arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

FUS - Avd. Elevtenesta, HO og NA, Vestland fylkeskommune

Fusa Vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering kunst, design og arkitektur og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan TAF/YSK og HTH/HTA. Skulen har om lag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for ei relevant opplæring.

Sjå skulen si heimeside  og skulen sin film

Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.

Vi ser etter deg som har utdanning og erfaring innan faget og som kan tenkje deg å  bidra med din kunnskap  inn til skulen vår. Vi ser etter deg som ynskjer å være med på å forme framtidas oppdrettar, i ei næring i stor utvikling.

Frå skuleåret 24/25

Arbeidsoppgåver

  • Opplæring i programfag innan naturbruk og akvakultur, på VG 1, VG 2, TAF/YSK samt oppfølging av elevar i praksis/bedrift.
  • Delta i samarbeid med andre lærarar
  • Samarbeid med næringslivet

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev, utdanning eller erfaring innan naturbruk og akvakultur
  • God digital kompetanse og evne til å sjå teknologiske løysingar
  • Ynskje om undervisningskompetanse 
  • Ulike aktuelle kurs innan næringa kan være eit føremon

Personlege eigenskapar

  • Du er løysingsorientert og har evne til omstilling
  • Du har ei god pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn
  • Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og andre
  • Du er ein trygg og tydeleg vaksen, med evne til å skapa gode relasjonar til elevane
  • Du har stort engasjement for faget ditt

Vi tilbyr

  • Nært samarbeid med kollegaer
  • God delingskultur
  • Gode vidareutdanningsmoglegheiter
  • Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordninga

Andre opplysningar:

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune

Stillingsdetaljer
Arbeidssted Fusa
Søknadsfrist 2024-04-10
Kontaktperson
Navn Lene Tveit
Stillingstittel .
Mobil 93853301
Stillingsannonse # 65F99E7F9317F
Sist oppdatert 2024-04-10 19:23