Engesund Fiskeoppdrett AS er eit oppdrettsselskap som produserer 4-5000 tonn aure og laks kvart år. Med hovudkontor i Fitjar kommune. Selskapet starta i 1987, og har lokalitetar i Fitjar, Masfjorden og Solund. Mottakslokalet/resepsjon for Visningssenteret ligg i Fitjar sentrum, medan sjølve visningssenteret ligg ute i Fitjarøyane.
Visningssenteret er ein sentral del av verksemda til Engesund Fiskeoppdrett, og er viktig for både drifta og for kommunen Fitjar. Det er blitt eit flott opplevingssenter innan både reiseliv og undervisning. På visningssenteret er målet å formidle faktabasert kunnskap om oppdrettsnæringa gjennom guida turar for alle gjestar som kjem. Selskapet er stadig under utvikling basert på ny teknologi, både i drifta og på visninga.
Vil du opphalde deg på sjøen i vakker skjergard, køyre båt og er engasjert i havbruk?
Er du ansvarsfull, omgjengeleg, har god forteljarevne og ivrig på å møte folk frå heile verda?
Samstundes så du kan ha dagar på kontor, vera kreativ og har ambisjonar for å vidareutvikla visningssenteret?
Då har me den perfekte jobben for deg!
Engesund Fiskeoppdrett AS søkjer ny visningsvert i 100% stilling til vårt besøkssenter for akvakultur.
Visningssenteret har nærare 4000 gjestar årleg, med målsetning om å stadig auke besøkstalet. Målet vårt er å tilby høg kvalitet på gaidinga og ei uforgløymeleg oppleving for gjestane våre med både mat og gaiding. Hovudfokuset er akvakulturnæringa, med basis i havbruk og forgreiningar innan biologi, teknologi, økologi og ernæring.
På Visningsflåten er det kafé og restaurant med gourmetmat basert på eigenprodusert fisk og lokale råvarer. Som visningsvert blir du ein nøkkelperson for å oppnå desse måla.
Sentrale arbeidsoppgåver vil ver å ta i mot gjester som guide, tillaging av mat, vasking, rydding, samt administrative oppgåver som booking, marknadsføring, svare på e-post, vidareutvikla visningskonseptet m.m.
Me ser etter deg som
Det er også ein fordel om
Me kan tilby
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument innan søknadsfristen til e-post: post@engesund.no
Om du har spørsmål knytt til stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Karina Bunes, e-post: karina@engesund.no tlf. 948 67 131 eller personalansvarleg Lars Heine Kåsa, e-post: lars-heine@engesund.no tlf. 982 66 744
Arbeidssted | Engesund, Fitjar Kommune |
Søknadsfrist | 2024-03-17 |
Navn | Karina Bunes |
Stillingstittel | Avdelingsleiar |
E-post | karina@engesund.no |
Mobil | 948 67 131 |
Navn | Lars Heine Kåsa |
Stillingstittel | Personalansvarleg |
E-post | lars-heine@engesund.no |
Mobil | 982 66 744 |