Ynskjer du å vere med Hardingsmolt i ein spennande utviklingsfase når me no utvidar anlegga våre? Me er på jakt etter ein kompetent og sjølvgåande person med god teknisk innsikt og kompetanse for å bli ein del av vårt team. Hjå Hardingsmolt spelar me på lag med biologien, og laksen får naturlege veksttilhøve i økosystema me skapar for fiskane. For å få dette til må me beherske alle variablar som dannar eit stabilt grunnlag for vekst, og dei siste 10 åra har me gjort mykje nybrotsarbeid innan sikring av vannkjeldene våre. Stabil tilførsel av sjøvatn vore ein av nøkkelfaktorane. Me var dei fyrste i Noreg som tok i bruk nanofiltrering av sjøvatn i havbrukssektoren for bruk på land, og me har hatt lukka sjøanlegg i drift sidan 2019. For å lage dette miljøet i eit fiskeanlegg, som er like mykje prosessanlegg, krevst system og automasjon og me søkjer difor
Brenn du for ei framtidsretta oppdrettsnæring og vil bidra i produksjonen av lusefri laks?
Me er på jakt etter ein kompetent og sjølvgåande person med god teknisk innsikt og kompetanse for å bli ein del av vårt team på Koløy som driftsteknikar.
Me treng deg som raskt kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og vere med og utvikle korrekt arbeidsmetodikk, men også ta del i praktisk problemløysing. Du har ei oppriktig interesse for oppdrett, og kommuniserer effektivt med dei rundt deg på norsk.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Hos oss vert du del av eit dyktig team som jobbar tett saman for å gje gode veksttilhøve for fisken. Hardingsmolt er opptatt av å vidareutvikle kompetansen til våre tilsette og å halde seg oppdatert på aktuelle kurs. Vaktrotasjonen går over ti veker. Den er vekselvis ei veke på jobb (inkl. sovande på anlegg) og ei friveke, men i løpet av rotasjonen er det ein tre-veker friperiode, altså fire veker arbeid i løpet av ti veker. Noko operasjonelt arbeid/ekstravakter i friperiodar må påreknast.
Me kan tilby:
Les meir om oss på våre nettsider www.hardingsmolt.no. For ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med Marthe Knight, administrasjonssjef på tlf. 94177549.
Søknad og CV sendes innan 17. juni 2024 til: marthe.knight@hardingsmolt.no
Søknadsfrist | 2024-06-17 |
Navn | Marthe Knight |
Stillingstittel | Administrasjonssjef |
Mobil | 94177549 |