Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen og er ein stolt forvaltar av nasjonalskattar. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.
Våre 60 dyktige tilsette har berekraft, innovasjon og teknologisk utvikling i høgsete for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet. Me har som mål å auka vår produksjon i dei komande åra gjennom nyskaping, kvalitet og utvikling av nye produksjonsmetodar i sjø og på land.
Vil du bli ein del av Lingalaks?
Me søkjer driftsteknikar til vårt produksjonsteam i Hardanger- fast/og vikariat
Lingalaks søkjer etter engasjerte medarbeidarar til lokalitetane våre i Hardanger. Me har i tillegg til to faste stillingar, ledige 1-års vikariat - då fleire av våre ansatte skal i foreldrepermisjon. Det kan verte moglegheit for vikarar å få fast ansettelse på sikt.
I Lingalaks jobbar me tett på kvarandre og ynskjer at kvar enkelt skal ha moglegheit til å påverka produksjon og retning for selskapet. Hos oss er det viktig at ansatte opplever meistring og personleg utvikling. Derfor jobbar me for at den enkelte skal ha ein variert arbeidskvardag med ansvar og meining.
Du kan lesa meir om korleis me arbeider med berekraftig matproduksjon i berekraftsrapporten som ligg på våre nettsider.
Viktigaste arbeidsområde:
Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:
Lingalaks tilbyr:
Arbeidssted | Hardanger, Norge |
Søknadsfrist | 2025-03-02 |
Navn | Gaute Femsteinevik |
Stillingstittel | Driftsleiar |
Mobil | 98 26 67 45 |
Stillingsannonse # | 67A6208A02408 |
Sist oppdatert | 2025-02-22 11:06 |