Denne stillingsannonsen er utgått.

Driftsoperatør Erko Settefisk.

Beskrivelse av arbeidsgiver

Erko Settefisk AS er eit selskap i Hauglandgruppen AS i Bergen og søsterselskap til Erko Seafood AS. Erko Seafood AS har 10 konsesjonar for produksjon av matfisk av laks med ein total produksjon på 12.000 – 13000 tonn sløya laks i året. 

I Sagvåg på Stord driv vi landets første resirkuleringsanlegg med sjøvatn for å produsere smolt opp til 1 kilo. Me klekker rogna sjølv og steller fisken til den er leveringsklar i Grunnavågen, Sagvåg.


Erko Settefisk AS søkjer driftsoperatør til sitt anlegg for produksjon av settefisk og postsmolt i Sagvåg i Stord kommune.

Kvalifikasjonar :
  • Fagbrev innan aquakultur eller lang erfaring, dersom du har annan utdanning/arbeidserfaring oppfordrast du også å til å søke, det vil bli gitt god opplæring dersom du er ny i næringen.
  • Systematisk og påliteleg
  • Sjølvstendig
  • Like å arbeide i team og har gode samarbeidseigenskaper
  • Løysingsorientert og proaktiv med Stå-på-vilje
  • Gode HMS-haldningar
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg
Arbeidsoppgåvene dine vil bli varierte og vil vere:
  • Dagleg røkting med fokus på gode resultater
  • Sortering / Levering / Vaksinering
  • Produksjons- og kvalitetsoppfølging
  • Vedlikehald av produksjonsutstyr 
  • Inngå i avdelinga sitt vaktsystem
  • Gjennom god innsats bidra til positiv utvikling av Erko-selskapa
  • Driftsoperatør rapporterer direkte til Driftsleder. 
Vi tilbyr:
  • Gode lønnsvilkår i ei ekspansiv bedrift innanfor eit område som må sjåast på som nyvinnande i oppdrettssamanheng.
  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Engasjerte, fagleg dyktige og gode kollegaer
  • Ein sikker arbeidsplass i eit miljø som prioriterer trivsel og gode utviklingsmoglegheiter.
  • Oppstart etter avtale.
Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leder Rune Sandvik på telefon 95155554.

Søknad med CV sendast på e-post til: jobbsette@hauglandgruppen.no

Søknadsfrist. 01.05.2022.

ERKO SETTEFISK AS

ERKO SETTEFISK AS

Org. Nr 990 011 702
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Sagvåg, Vestland, Norge
Søknadsfrist 2022-05-01
Kontaktperson
Navn Rune Sandvik
Stillingstittel Dagleg leder
Mobil 95155554