Denne stillingsannonsen er utgått.

Driftsleiar Settefisk

Beskrivelse av arbeidsgiver

Steinvik Fiskefarm AS blei stifta i 1986 av oppdrettspionerane Inge Helge og Alex Vassbotten. Selskapet har i dag totalt 7 matfiskkonsesjonar inkludert ein visningskonsesjon. Årleg blir det produsert ca. 8 500 tonn med laks og ørret (ein andel av dette er økologisk) fordelt på 9 lokalitetar. Lokalitetane ligg i Kinn og Askvoll kommune. Hovedkontoret og basen ligg i Høydalsfjord, ca. 30 til 40 min køyring frå Florø og Førde sentrum.

Dei siste åra har Steinvik satsa tungt på postsmolt og eigen produksjon av rensefisk. I året 2021 stod det topp moderne postsmoltanlegget til Steinvik klart, lokalisert i Svelgen. Anlegget er basert på gjennomstrøyming og produsera årleg ca. 1 300 000 – 1 500 000 stk smolt med ei snittvekt på mellom 600 og 900 gram. Steinvik har stor tru på anlegget, og ynskjer å vidareutvikle dette i åra som kjem med å utforske moglegheitene for å produsere laksen opp til 2 kg i postsmoltfasen før utsett for å redusere tida i sjø. I tillegg til satsing på postsmolt har selskapet og bygd eige rensefiskanlegg i Svelgen, der oppdretta berggylte er arten som blir satsa på. Frå året 2023 vil Steinvik være sjølvforsynt med berggylte. Rensefisk og stor smolt av god kvalitet er suksesskriteria som Steinvik framover vil satse på for å ta ut potensiale i matfiskproduksjonen.

Er du vår nye Driftsleiar Settefisk? Hjelp oss med å løyse morgondagens utfordringar. 

Ser du for deg ei framtid i ei spennande næring i sterk utvikling? Ønskjer du å jobbe i ei pionérbedrift med gründerånd, flat struktur og triveleg arbeidsmiljø? Vil du jobbe på eit unikt og moderne storsmoltanlegg? Har du erfaring frå akvakultur? Då vil vi gjerne ha deg med i vårt team. 

Som vår Driftsleiar Settefisk vil du:

  • Blant anna arbeide på eit unikt og moderne storsmoltanlegg på land
  • produsere kvalitetsmolt til Steinvik Fiskefarm og kundar
  • sette deg inn i og planlegge smoltproduksjonen 
  • Få ansvar og bidra til å leie tilsette i den daglege drifta  
  • ha tett dialog med leiinga / dagleg leiar 
  • jobbe individuelt og i team med andre settefiskoperatørar
  • følgje våre HMS-rutinar og internkontroll
  • rapportere og handtere avvik i produksjonen

Som person er du:

  • motivert av berekraftig matproduksjon 
  • Innstilt på å ta leiarrolla og leie dei tilsette i den daglege drifta 
  • klar til å planlegge og tilrettelegge for arbeidsoppgåver 
  • handlekraftig og sjølvstendig, men også ein lagspelar
  • ryddig og påpasseleg med hygiene (sidan ein jobbar med levande individ)
  • ikkje redd for å rapportere avvik eller føreslå forbetringar i produksjonen
  • nøyaktig og observant på endringar i åtferda til fisken
  • klar for å løyse krevande utfordringar
  • bidragsytar til eit godt og sikkert arbeidsmiljø 
  • flink til å ta ansvar for eiga rolle og oppgåver
  • villig til å lære ny kunnskap om fag og fisk
  • interessert i å ta i bruk nye verktøy
  • omsynsfull overfor medarbeidarar, fisk og miljø

Desse kvalifikasjonane ser vi etter:

  • Fagbrev/utdanning og/eller erfaring innan akvakultur er eit krav
  • Erfaring med å leie tilsette er ein fordel, men ikkje eit krav   
  • Førarkort (klasse B) 
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Vi kan tilby:

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og utfordringar, i team og individuelt
  • Moglegheit for opplæring, og fagleg og personleg utvikling
  • Tett dialog med dagleg leiar 
  • Gode velferdsordningar 
  • Nytt og moderne utstyr og gode fasilitetar

Arbeidsplass i Svelgen (Bremanger kommune) og Barlindbotn (Kinn Kommune) 

Vi har sterk lokal forankring og du må vere villig til å bu i nærområdet av arbeidsplass (Kinn / Sunnfjord / Bremanger kommune) då vi ikkje tilbyr turnusordning i denne stillinga.  

Oppmøte og arbeidsplass er på Barlindbotn Settefisk (Eikefjord, Kinn Kommune) / Steinvik Settefisk (Svelgen, Bremanger Kommune).  

For meir informasjon om stillinga, kontakt dagleg leiar for Barlindbotn Settefisk , Reidar Haugen, på mobil: 957 57 810.  

Send søknad og CV til: jobb@steinvik.no innan 10. juni, 2021. 

Vi ser fram til å høyre frå deg.


STEINVIK FISKEFARM AS

STEINVIK FISKEFARM AS

Org. Nr 958 123 701
Kontaktinformasjon
Hjemmeside www.steinvik.no
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Svelgen og Barlindbotn
Søknadsfrist 2021-06-10
Kontaktperson
Navn Reidar Haugen
Stillingstittel Dagleg leiar, Barlindbotn Settefisk
Mobil 957 57 810