Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 36 matfiskkonsesjonar, 5 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 4 milliardar i omsetnad og er om lag 400 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Vil du vere med å utvikle framtidas havbruk?
For å styrkje driftsleiinga i Rogaland søkjer Alsaker Fjordbruk ein engasjert og operativ driftsleiar for sjølokalitetar.
Som driftsleiar får du ei sentral rolle i den daglege leiinga av våre lokalitetar i Sør-Rogaland. Du vil ha ansvar for personaloppfølging, koordinering av drift og vidare utvikling av området i tett samarbeid med driftssjef.
Arbeidskvardagen vil vere variert og operativ, gjennom jamleg nærvær på lokalitetane. Det må reknast med noko reising mellom anlegga og deltaking på møte ved hovudkontoret på Onarheim.
Ansvarsområdet omfattar Ryfish AS sine Globe-anlegg i Lysefjorden. Anlegga er ein del av konsernet si satsing på lukka oppdrettsteknologi og fungerer samtidig som visningsanlegg for kundar og samarbeidspartnarar. Stillinga omfattar også lokalitetane Ådnøy i Høgsfjorden ved Høle og Rossholmen på Mosterøy, tilhøyrande Nordsjø Fjordbruk AS.
Arbeidsoppgåver
Me ser etter deg som:
Me kan tilby
| Arbeidssted | Sør-Rogaland |
| Søknadsfrist | 2026-11-01 |
| Navn | Øyvind Bokn |
| Stillingstittel | Driftsjef |
| E-post | oyvind.bokn@fjordbruk.no |
| Mobil | 99210193 |
| Stillingsannonse # | 6ACDFDD383111 |
| Sist oppdatert | 2026-10-13 13:38 |