Denne stillingsannonsen er utgått.

Dagleg Leiar (Slakterisjef)

Beskrivelse av arbeidsgiver

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 13 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av landets største oppdrettskonsern med, 23 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, slakteri, rensefiskproduksjon og ein stor flåte av moderne servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk, omfattar offshoreservice- verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringsbygg samt bygde- og eigedoms-utvikling. Me har om lag 1,7 milliard NOK i omsetning og er rundt 300 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no

Viking Fjord AS (H-111) er Alsaker-konsernet sitt heileigde lakseslakteri. Me leverer fersk, sløyd laks pakka i kassar med is til Europa og Østen. Slakteriet ligg på Sunde i Kvinnherad.

Verksemda har moderne produksjonslokale, med ein kapasitet på 120 tonn per skift (ca. 6 trailerar per skift), og tel ein stab på om lag 70 tilsette.

Les meir om Viking Fjord her!

Sentrale arbeidsoppgåver: 

  •  Økonomisk og administrativt ansvarleg
  • Kvalitet, HMS og internkontroll
  • Personalansvar
  • Leverandør og kundekontakt
  • Logistikk
  • Konsernoppgåver  

Eigenskapar: 

Me søkjer etter deg som er påliteleg, resultat- og løysingsorientert. Du har gjerne leiarerfaring frå produksjonsbedrift og har gode organisatoriske evner. 

Du ynskjer ein jobb som krev mykje av deg og som gjev deg utfordringar. Godt arbeidsmiljø og gode resultat er viktig for deg, og du er lett å samarbeida med. 

Den rette personen må difor ha relevant erfaring. Du arbeidar systematisk, har god talforståing og gode IT-kunnskapar. 

Løn og tiltreding etter avtale. Noko reising må påreknast 

VIKING FJORD AS

VIKING FJORD AS

Org. Nr 979 700 121
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Sunde, Hordaland, Norge
Søknadsfrist 2018-09-10
Kontaktperson
Navn Gerhard Meidell Alsaker
Stillingstittel Administrerande direktør
E-post jobb@fjordbruk.no
Telefon 90105000