Denne stillingsannonsen er utgått.

Bulandet Miljøfisk søkjer erfaren og nytenkjande driftsleiar

Beskrivelse av arbeidsgiver

Bulandet-modellen for landbasert akvakultur – berekraftig produksjon av laks og aure basert på norske naturlege fortrinn. 

Bulandet Miljøfisk AS er eit utviklingsselskap i Askvoll kommune som har fått tildelt fem konsesjonar a`780 tonn MTB for landbasert produksjon av laks og aure. Selskapet sin teknologi (Bulandet-modellen) kombinerer gjennomstrøyming med ei viss grad av resirkulering utan bruk av RAS-teknologi og biofilter. Prosjektet har fått støtte gjennom Miljøteknologiordninga, og Bulandet Miljøfisk samarbeider tett med FoU-institusjonar som Norce og Universitetet i Bergen. Selskapet er medeigar i Akvahub som fungerer som selskapet si FoU-avdeling. 


Bli med på laget!  

Bulandet Miljøfisk søkjer erfaren og nytenkjande driftsleiar 

Til å leie drifta av Bulandet Miljøfisk AS søker vi no etter ein erfaren og nytenkjande driftsleiar. 

Vi søker primært etter deg som ut frå eigen erfaring ser eit potensial i lukka oppdrettsteknologi, og som vert motivert av å tenke nytt omkring produksjon av laks og aure. Saman med leiar for teknisk drift og vedlikehald vil du få ei nøkkelrolle i oppbygging og drift av Bulandet Miljøfisk AS.

Vi ønskjer å rekruttere deg så tidleg som råd i utbyggingsprosjektet. I den første fasen vil bidraget ditt vere viktig for å utvikle driftsvennlege og rasjonelle løysingar. Du vil også få ei viktig rolle i arbeidet med å bygge opp eit solid team for drift rundt deg. 

Driftsleiar rapporterer til dagleg leiar i Bulandet Miljøfisk AS.

ARBEIDSOPPGÅVER I PILOTFASEN:

  • Bidra i byggefasen med utforming og driftsoptimalisering av anlegget
  • Etablere, leie og ta del i den daglege biologiske drifta, samt utøve støtte til teknisk drift 
  • Støtte etableringa av internkontroll og følge opp HMS- & kvalitetsarbeid
  • Planlegging og oppfølging av arbeidsoperasjonar og vedlikehald

KVALIFIKASJONER:

  • Erfaring frå landbasert produksjon av fisk. 
  • Kjennskap til oppdrett i sjø.
  • Utdanning innan akvakultur, havbruk eller biologi
  • Erfaring frå liknande type stilling
  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk 
  • Førarkort klasse B

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • Du er initiativrik og utviklingsorientert med stort engasjement for å lukkast
  • Du forstår verdien av å utvikle og etterleve gode rutinar og prosedyrar
  • Du er disiplinert, metodisk, systematisk og ansvarsfull. 
  • Du har evne til å motivere og inspirere medarbeidarane dine. 

VI KAN TILBY:

  • 100% fast stilling 
  • Lønnsvilkår etter avtale
  • Handlingsrom og sjølvstende
  • Eit godt og spennande utviklingsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsstad er Bulandet i Askvoll kommune. Ta gjerne kontakt med fagansvarlig Ola Sveen på mobil +47 908 05 454, eller FoU-ansvarleg Asbjørn Dyrkorn Løland på mobil +47 970 86 259 for meir informasjon om stillinga. 

Søknad med CV kan sendast oddmund@miljofiskbulandet.no innan 15.desember 2019.


BULANDET MILJØFISK AS

BULANDET MILJØFISK AS

Org. Nr 916 066 899
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Askvoll, Sogn og Fjordane, Norway
Søknadsfrist 2019-12-15
Kontaktpersoner
Navn Ola Sveen
Stillingstittel Fagansvarlig
Mobil +47 908 05 454
Navn Asbjørn Dyrkorn Løland
Stillingstittel FoU-ansvarleg
Mobil +47 970 86 259