Biolog med kompetanse innan vasskjemi og RAS-teknologi

Beskrivelse av arbeidsgiver

Fister Smolt AS er eit smoltanlegg i Hjelmeland kommune. Anlegget er fornya gjennom åra, og har både gjennomstrømmingsanlegg og resirkuleringsteknologi. Fister smolt er ein utfordrande og spanande arbeidsplass. Bedrifta er i stadig vekst og treng fleire på laget. 


Me søkjer ein person som kan delta i drift av resirkuleringshallane våre, og då kan følgjande bakgrunn vera ynskjeleg:

  • høgare utdanning innan biologi, fiskehelse, kjemi eller anna relevant utdanning
  • erfaring frå resirkuleringsanlegg (RAS)
  • teknisk og praktisk innsikt, god på problemløysing
  • evne til å arbeide i tverrfagleg team
  • evne til å handtere ansvar og arbeide sjølvstendig
  • liker å utforme beslutningsgrunnlag og ta eigne avgjerder

Viktigaste arbeidsoppgåver:

  • tett oppfølging av vasskvalitet og drift av RAS-anlegg
  • samanstilling av data frå produksjon og vasskvalitet for å avdekkje forbetringar 
  • forståing og handtering av laboratorieutstyr og sensorar for vasskjemi
  • delta i den daglege drifta med stell og røkt av fisk
  • deltaking i kontinuerleg vidareutvikling av anlegget

Oppstart snarast.

Me kan tilby konkurransedyktige vilkår og kollektiv forsikrings- og pensjonsordning. Fister Smolt AS har eit uformelt miljø og utfordrande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.

Me håper du har lyst – og dei rette eigenskapane – til å arbeide saman med oss! Personar med lokal tilknyting vert oppmoda til å søkje.

For mer informasjon, kontakt driftsleder Agnes Kleppa på tlf.:  48 215 448

Søknad med CV og relevante attester sendes kun på mail, innen 30. juni 2025 til post@fistersmolt.no


FISTER SMOLT AS

FISTER SMOLT AS

Org. Nr 981 979 583
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Fister
Søknadsfrist 2025-06-30
Kontaktperson
Navn Agnes Kleppa
Stillingstittel Driftsleder
Mobil 48 215 448
Søk på stilling
Stillingsannonse # 685175B286526
Sist oppdatert 2025-06-17 22:24