Denne stillingsannonsen er utgått.
Stillingsannonse #63B571C1685CB
Sist oppdatert 2023-02-01 22:59

Avdelingsleiar Fjon Bruk AS

Beskrivelse av arbeidsgiver

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no

Fjon Bruk AS vart etablert i 1973, og framstår i dag som eit av landets største anlegg for produksjon av lakseyngel og smolt. Anlegget, med løyve til å produsera 20 millionar smolt  og 52 millionar yngel,  står for ein viktig del av verdiskapinga i Alsaker Fjordbruk konsern. Du finn oss på Fjon, i Sveio kommune i Sunnhordland, om lag 25 min frå Haugesund.

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudansvar og deltaking ved sortering, flytting, fôring og anna handtering av fisk i yngelavdelingar
  • Delta i planlegging av sorteringar og disponering av mannskap
  • Delta i langsiktig planlegging av produksjonen
  • Ansvar for sikkerhet ved transport av fisk
  • Rapportering og loggføring

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring innan akvakultur, eller relevant utdanning
  • Er strukturert, tydeleg leiar og har evne til å få folk med på laget
  • Sjølvstendig og handlekraftig
  • Stå-på-vilje» i hektiske periodar

Me kan tilby deg:

  • Konkurransedyktig lønn, pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode faglege og personlege utviklingsmuligheter.
  • Jobb i eit av dei leiande norske oppdrettsselskapa for produksjon av laks

Søknadsfrist innan 1. februar

ALSAKER FJORDBRUK AS

ALSAKER FJORDBRUK AS

Org. Nr 979 494 009
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Sveio
Søknadsfrist 2023-02-01
Kontaktperson
Navn Helge Asbjørn Daae
Stillingstittel Driftsleiar
E-post jobb@fjordbruk.no
Telefon 53747474
Mobil 99209810