Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Onarheim Bruk AS ligg på Onarheim, i Tysnes kommune (les meir på www.onar.no). Anlegget er Alsaker Fjordbruk si satsing på rensefisk, som vert nytta til biologisk avlusing av oppdrettslaks. Me produserer frå rogn til luseetande fisk, og er pr. i dag ein av landets største produsentar av rognkjeks. Selskapet er no i ferd med å bygge eit stort nytt anlegg for produksjon av rensefisk, og har ambisjonar om ein årleg produksjon på 5 millionar berggylt.
Vår nye avdelingsleiar vil vera delaktig i planlegging, oppbygging og drift av ny rensefiskavdeling
Sentrale arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Me kan tilby deg ein krevjande og spanande jobb, med konkurransedyktige vilkår i eit framtidsretta konsern.
Løn og tiltreding etter avtale. Me kan hjelpa deg å finna bustad.
Arbeidssted | Onarheim, Hordaland, Norge |
Søknadsfrist | 2019-10-01 |
Navn | Steffen Günther |
Stillingstittel | Driftsleder |
E-post | jobb@fjordbruk.no |
Mobil | +47 99210130 |