Automasjonsansvarleg for kamera og sensorikk i sjø

Beskrivelse av arbeidsgiver

Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen. Me forsyner verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikrar at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.


Våre 60 dyktige tilsette har målretta fokus på berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Lingalaks skal vera ei "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon".

Automasjonsansvarleg søkjast til framtidsretta havbruksselskap

Er du ein teknisk orientert person med ønske om å bidra til berekraftig matproduksjon?

Om stillinga 

Som automasjonsansvarleg har ein ansvar for bl.a kamera og sensorar i sjø. Her vil du ha ansvaret for at utstyret som er i bruk, er i orden, vedlikehaldt korrekt og montert i henhald til produsenten sine anbefalingar.  Feilsøking og koordinering mot eksterne leverandørar er nøkkelfaktorar i denne stillinga.  

Sensorane registrerer miljø-forholda til fisken. Her pågår ei spanande utvikling, og denne stillinga er sentral i å vurdere løpande kva for teknologi me skal ta i bruk.

Dette er ei nøkkelrolle i arbeidet med å realisere måla som selskapet har for produktivitet og fiskehelse. Du vil jobbe tett med produksjonsavdelinga og leverandørane våre. Alt for at me skal produsera fisk på best mogeleg måte.  

Dine hovudoppgåver: 

  • Leia, koordinere og utføre dagleg oppfølging av automasjon, herunder; signal, kamera, lys og sensorikk frå merd til flåte og fôrsentral.
  • Bidra i vurdering av ny teknologi.
  • Klargjere, teste og gjennomføre tilstandskontroll på utstyr.
  • Kontakt med leverandørar og fôrsentral.
  • Utføre reparasjonar på utstyr på lokalitetar og landbase.
  • Rådgivning/konsultering opp mot teknisk leiar.
  • Fordeling av arbeidsoppgåver via vedlikehaldssystemet. 
  • Utarbeide beslutnings-underlag.

Me søkjer deg som har: 

  • Fagbrev automasjon/elektro. Ønskeleg med teknisk fagskule eller høgskuleutdanning (min 2-3 år).
  • Erfaring frå tilsvarande eller liknande stilling vil vera ein fordel.
  • God skriftleg/munnleg framstillingsevne

Me tilbyr deg: 

  • Spanande arbeidsoppgåver i eit framtidsretta selskap i rask utvikling 
  • Ein sterk kultur med fokus på berekraft, innovasjon og kvalitet 
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 
  • Konkurransedyktige vilkår, samt solid forsikrings- og pensjonsordning 
  • Ein arbeidsgjevar med djupe røter i lokalsamfunnet og ein visjon om å gjere ein forskjell for framtida 

 Er du klar til å bli ein viktig del av teamet vårt? Send søknaden din til oss innan 31.05.2025 og bli med på reisa mot ei berekraftig og innovativ framtid! 

LINGALAKS AS

LINGALAKS AS

Org. Nr 960 900 626
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Norheimsund, Norge
Søknadsfrist 2025-05-31
Kontaktpersoner
Navn Roald Kåreid
Stillingstittel Fartøy -og automasjonsansvarleg
Mobil 94 27 89 70
Navn Lars Børve
Stillingstittel Teknisk leiar
Mobil 95 05 94 42
Søk på stilling
Stillingsannonse # 68220E07DE776
Sist oppdatert 2025-05-30 18:16