Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen. Me forsyner verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikrar at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.
Våre 60 dyktige tilsette har målretta fokus på berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Lingalaks skal vera ei "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon".
Automasjonsansvarleg søkjast til framtidsretta havbruksselskap
Er du ein teknisk orientert person med ønske om å bidra til berekraftig matproduksjon? Kunne du tenke deg å vere ein sentral aktør i eit selskap som prioriterer berekraft, innovasjon og kvalitet?
Om stillinga
I Lingalaks nyttar me sensorar i form av kamera innstallering, straum og oksygenensensorar under vatn. Sensorane registrerer korleis fisken har det.
Me er avhengig av sunn og frisk fisk som et godt for å kunne produsere. Fôringssentralen vår er avhengig av informasjonen desse sensorane i vatnet gjev oss.
Som automasjonsansvarleg med ansvar for kamera og signal, vil du ha ansvar for at utstyret som er i bruk, er vedlikeholdt korrekt og montert i henhold til produsenten sine anbefalingar. Feilsøking og koordinering mot eksterne leverandørar er nøkkelfaktorar i denne stillinga.
Tett koordinering mot driftsleiarar (produksjonsansvarlege) og sluttbrukarane (foringsentralen) i selskapet er naudsynt i rolla.
Som Automasjonsansvarleg / Kamera og signalansvarleg vil du få ei nøkkelrolle i arbeidet med å realisere måla som selskapet har for produktivitet og fiskehelse. Du vil jobbe tett med produksjonsavdelinga og leverandørane våre. Alt for at me skal produsera fisk på best mogeleg måte.
Dine hovudoppgåver:
Me søkjer deg som har:
Me tilbyr deg:
Er du klar til å bli ein viktig del av teamet vårt? Send søknaden din til oss innan 24.03.2025 og bli med på reisa mot ei berekraftig og innovativ framtid!
Arbeidssted | null |
Søknadsfrist | 2025-03-24 |
Navn | Ingebrigt Ølmheim |
Stillingstittel | Teknisk sjef |
Mobil | 97 04 03 38 |
Stillingsannonse # | 67C5C3ED5857C |
Sist oppdatert | 2025-03-16 17:02 |