Stillingsannonse #5E788552F33DA
Sist oppdatert 2020-03-29 14:16

ASSISTERANDE TEKNISK DRIFTSLEIAR

Beskrivelse av arbeidsgiver

Sulefisk AS driv matfiskproduksjon i Solund. Selskapet har pr i dag 5 konsesjonar fordelt på 6 aktive lokalitetar. Her produserer vi årleg om lag 4 000 tonn laks pr. år, tilsvarande 20 millionar måltid laks hos forbrukarane. I tillegg driv vi også forsknings- og utviklingsarbeid med lukket merdteknologi og tareproduksjon i samband med lakseoppdrett.

Stabil og fagleg dyktig arbeidsstokk, innovativ leiing, framsynte aksjonærar, effektive produksjonsutstyr og gode teknologiske løysningar. Alt dette er faktorar som i samspel er med å gjere Sulefisk til ein stabil og solid arbeidsplass som produserer laks i verdsklasse .


Vi søkjer ein dyktig og motivert assisterande driftsleiar til anlegga og båtane våre i Solund. 

Viktige arbeidsoppgåver er: 

  • Overordna ansvar for sikkerheit om bord og teknisk drift av arbeidsbåtane våre
  • Oppfølging av personale i vedlikehald og drift av båtar
  • Føre arbeidsbåt (under 15 m)
  • Kontroll og vedlikehald av teknisk utstyr, anlegg og båtar 
  • Oppfølging av bedrifta sitt kvalitetssystem 
  • Fôring, kontroll og ettersyn av laks

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • Teknisk utdanning eller relevant erfaring
  • Erfaring frå båt og/eller sjøbasert oppdrett 
  • Gode samarbeidsevner, ansvarleg og påliteleg
  • Godt humør, fleksibel, løysingsorientert og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg 

Motivasjon, lidenskap og personlege eigenskapar kan vege meir enn faglege kvalifikasjonar dersom du viser deg å vere «rett person» på Sulefisk-teamet!

Sulefisk kan by på

  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksible arbeidsordningar
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Moglegheit til å utvikle deg både personleg og fagleg 

Tiltreding: Snarast eller etter avtale

Skriftleg søknad med CV kan sendast til:

Sulefisk AS, v/ Michael Niesar, Eide, 6924 HARDBAKKE evt på e-post til: post@sulefisk.no 

Velkommen som søkjar!


SULEFISK AS

SULEFISK AS

Org. Nr 999 638 872
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Solund, Vestland Norge
Søknadsfrist 2020-04-15
Kontaktpersoner
Navn Michael Niesar
Stillingstittel Daglig leiar
Mobil 47 46 30 96
Navn Sissel Kråkås
Stillingstittel Prosjektkoordinator
Mobil 90 91 01 06
Søk på stilling