Stillingsannonse #602E808072D4D
Sist oppdatert 2021-03-06 22:35

veterinær/fiskehelsebiolog

Beskrivelse av arbeidsgiver

Akvavet Gulen AS tilbyr fiskehelsetenester til havbruksnæringa i området frå Bergen til Nordfjord og frå dei ytre øyane ved Sognefjorden til Sogndal og Vik i Indre Sogn.

Vi er 6 tilsette fiskehelsepersonell og har ein variert praksis med laks, regnbogeørret, kveite, torsk, berggylt og rognkjeks.

Hovedkontor er på Asheim i Gulen Kommune (ved E39, midt mellom Bergen og Førde), men tilsette har heimekontor/kontor på Lavikdal, i Førde og i Hyen.


Vi søkjer etter veterinær eller fiskehelsebiolog til fast stilling. Det er ein fordel med erfaring frå fiskehelsearbeid og annan relevant praksis i havbruk, men nyutdanna og studentar som blir ferdig til våren/sommaren 2021 kan også søke.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode muligheiter for variert fagleg utvikling.

Kontorstad er i utgangspunktet Førde, men du kan komme med andre ynskje. Ved behov kan bolig på Asheim stillast til disposisjon, evt. som pendlarbolig. 

Du må disponere eigen bil.

Søknadsfrist er 08.03.2021.

Tilsetting frå 1. juli eller etter avtale.

Kontaktperson: Aud Asheim. Tlf: 48174453, mail: post@akvavet.no


AKVAVET GULEN AS

AKVAVET GULEN AS

Org. Nr 986 380 108
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Førde, Vestland, Norge
Søknadsfrist 2021-03-08
Kontaktperson
Navn Aud Asheim
Stillingstittel .
E-post post@akvavet.no
Mobil 481 74 453
Søk på stilling