Stillingsannonse #650844CD58C49
Sist oppdatert 2023-09-26 22:34

Rensefiskkoordinator

Beskrivelse av arbeidsgiver

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no

Alsaker Fjordbruk  brukar mykje ressursar på biologisk avlusing av oppdrettslaks i form av villfanga leppefisk og oppdretta rensefisk. Konsernet satsar også på eigenproduksjon av berggylt og rognkjeks.

For å sikre best mogleg vilkår for rensefisken i sjøanlegga våre ynskjer me å utvida rensefiskavdelinga og søkjer derfor etter Rensefiskkoordinator.

Arbeidsoppgåver:

  • Optimalisere bruken av rensefisk i konsernet
  • Halde seg oppdatert på all kunnskap som gjeld bruk av rensefisk
  • Formidle «Best Practice» ut og mellom lokalitetane
  • Vera ressursperson opp mot stell og røkting av rensefisk
  • Fylgje opp utfisking av rensefisk
  • Evaluere bruk for å optimalisera produksjonen

Me søkjer etter deg som har relevant utdanning og/eller erfaring. Du likar å ha ein aktiv kvardag og kan stå på når det trengs. Du har gode organisatoriske evner, jobbar sjølvstendig og er løysningsorientert.

Du er interessert i utviklinga rundt bruk av rensefisk, og er opptatt av å halde deg oppdatert på kunnskap. Som person er du lett å samarbeide med, og du ivrar for å motivere og vidareføre kunnskapen din.

Stillinga er ein del av rensefiskteamet vårt, der teamet også samarbeidar tett med produksjonsavdelinga, og er ein del av vårt solide fagmiljø på fiskehelsesida.

Rensefiskkoordinator er ei operativ stilling, med kontorstad på Onarheim. Ein må pårekna ein god del reiseaktivitet til våre sjølokalitetar.

Me kan tilby deg:

  • Jobb i eit av dei leiande norske oppdrettsselskapa for produksjon av laks
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg, fagleg dyktig og hektisk miljø
  • Konkurransedyktige vilkår

ALSAKER FJORDBRUK AS

ALSAKER FJORDBRUK AS

Org. Nr 979 494 009
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Onarheim
Søknadsfrist 2023-10-16
Kontaktperson
Navn Kari Lillesund
Stillingstittel Fiskeveterinær
E-post jobb@fjordbruk.no
Mobil 99210119
Søk på stilling