Denne stillingsannonsen er utgått.
Stillingsannonse #5C0E1CC9A2572
Sist oppdatert 2019-01-11 23:36

OPERATØR (MED ANSVAR FOR TILTAK MOT LUS)

Beskrivelse av arbeidsgiver

Eide Fjordbruk AS er eit oppdrettsselskap med base i Hardangerfjorden, Fensfjorden og Osterfjorden. Me produserer rundt 12.000 tonn laks og regnbogeaure i året, som vert omsett globalt. Bedrifta har vore blant pionerane i næringa og vore med på å forma fiskeoppdrett til den suksessen me ser i dag. Innovasjon og skaparkraft er framleis ei viktig drivkraft i det me held på med, og me jobbar kvar dag for å utvikle næringa me er ein del av. 



Beskriving av stillinga:

I Fensfjorden i Lindås kommune skal me frå 2019 ta i bruk tubenøter (snorkelmerdar), dette krev eit ekstra fokus på drift og røkting. Me søkjer derfor ein person som skal arbeide fulltid med å optimalisera vårt førebyggjande arbeid mot lus, med hovudvekt på drift og fiskevelferd.

Viktigaste ansvarsområde og oppgåver:

  • Ansvar for førebyggjande tiltak mot lus i Fensfjorden, med fokus på tubenøter og reinsefisk
  • Ei viktig rolle i arbeidet med å definera beste praksis for førebyggande arbeid mot lus i Eide Fjordbruk
  • Ei viktig rolle i kvalitets og IK-arbeid i regionen, medrekna vidareutvikling av prosedyrar, implementering av nye løysingar og standardar som f.eks. ASC.
  • Dagleg drift med generelle arbeidsoppgåver som røkting av fisk og deltaking i operasjonar

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning innan akvakultur, havbruk eller biologi tel positivt
  • Operativ erfaring frå oppdrett av laks.
  • Du oppnår gode resultat, utfører planar med engasjement og uthald
  • Du samarbeider godt med andre, kommuniserer og deler kunnskap for å bidra til teamet sitt felles mål.
  • Du identifiserer deg med våre verdiar – Framtidsretta, Lidenskapeleg, Uredd, Påliteleg og Kvalitetsbevisst
  • Du er innovativ og produserer nye idear og løysningar og er ein forkjempar for endring og nye tilnærmingar.
  • Du ser nytten av systematisk arbeid med forbetringar gjennom IK- og kvalitetsarbeid i det daglege
  • Du har ei oppriktig interesse for fisk, biologi og praktisk stell av fisk og heldt deg fagleg oppdatert
  • I Eide Fjordbruk er HMS vår absolutt fremste prioritet. Det vert stilt høge krav til personleg ansvar, i høve til forhold knytt til eigen og andre sin sikkerheit.

Me tilbyr:

  • Fast stilling som «Operatør» i Eide Fjordbruk AS
  • Eit svært godt og uformelt arbeidsmiljø som er prega av å ha det gøy på arbeidsplassen.
  • Faglege og personlege utfordringar på linje med dei beste innan havbruksnæringa.
  • Ein forholdsvis fri og sjølvstendig arbeidsdag i nokre av dei flottaste omgjevnadane i Noreg.
  • Konkurransedyktig løn og vilkår. Svært gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Arbeidsstad vil vera Fensfjorden i Lindås kommune, ein del reiser i regionen må reknast med.

Stillinga inngår i helgevaktordning og rapporterer til driftsleiar i regionen.

Tiltreding: Snarast. Søknadsfrist: 11. januar 2019 . Fyll ut elektronisk søknadsskjema her og send CV og evt. andre vedlegg på e-post til operator@efb.no (oppgje fullt namn i emnefeltet på e-posten). 

EIDE FJORDBRUK AS

EIDE FJORDBRUK AS

Org. Nr 866 751 242
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Lindås, Hordaland, Norge
Søknadsfrist 2019-01-11
Kontaktperson
Navn Tomas Frotjold
Stillingstittel Driftsleiar
Mobil (+47 909 57 528