Denne stillingsannonsen er utgått.
Stillingsannonse #5C583E84C42A2
Sist oppdatert 2019-03-10 19:47

LEDIG STILLING SOM DRIFTSTEKNIKKAR HOS SOL SMOLT

Beskrivelse av arbeidsgiver

Sol Smolt AS driv settefiskproduksjon i Solund. Vi produserer både 0-års og 1-års smolt og produksjonen omfattar vekstfasen frå rognklekking til smoltifisering. Selskapet har i dag 3 tilsette og vi samarbeider tett med matfiskprodusent Sulefisk AS som også er lokalisert i Solund.

 Sol Smolt står i dag framfor modernisering og utviding av anlegget vårt. Vi søkjer derfor etter ein dyktig og motivert driftsteknikkar til å bli ein del av vårt team her i Solund.

Solund kommune ligg ytst i Sognefjorden og er eit unikt øyrike med ca 850 innbyggjarar og unike moglegheiter for friluftsaktivitetar på sjø og land.  Sol Smolt kan vere hjelpsam med å skaffe bustad.


Viktige arbeidsoppgåver er: 

  • Fôring, kontroll og ettersyn av yngel og smolt
  • Kontroll og vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg 
  • Aktivt bruke bedrifta sitt kontrollsystem for fôring og fiskevelferd
  • Inngå i vaktordning etter opplæringsperiode

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • Fagbrev i akvakultur, høgre utdanning innan havbruk eller anna relevant fagutdanning / arbeidspraksis, gjerne også frå RAS teknologi
  • Produksjonserfaring frå matfiskanlegg eller setjefiskanlegg
  • Gode samarbeidsevner, ansvarleg og påliteleg
  • Godt humør, fleksibel, løysingsorientert og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg 

Motivasjon, lidenskap og personlege eigenskapar kan vege meir enn faglege kvalifikasjonar dersom du viser deg å vere «rett person» på Sol Smolt-teamet!

Sol Smolt kan by på

  • Godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Moglegheit til å utvikle deg både personleg og fagleg 

Skriftleg søknad med CV kan sendast til:

Sol Smolt AS, v/ Bjørn Kjetil Trovåg, 6924 HARDBAKKE , tlf nr 9082 1911. evt. på e-post til: bjorn@solsmolt.no

Søknadsfrist:  10. mars 2019

Velkommen som søkjar! 


SOL SMOLT AS

SOL SMOLT AS

Org. Nr 936 768 148
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Solund, Sogn og Fjordane, Norge
Søknadsfrist 2019-03-10