Denne stillingsannonsen er utgått.
Stillingsannonse #5CE505284C319
Sist oppdatert 2019-06-16 23:51

Kaptein og Maskinsjef

Beskrivelse av arbeidsgiver

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av landets største oppdrettskonsern, med 23 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, slakteri, rensefiskproduksjon og ein stor flåte av moderne servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk, omfattar offshoreservice- verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedoms-utvikling. Me har om lag 1,7 milliard NOK i omsetning og er omlag 300 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no

Brønnbåten «Kristoffer Tronds», som no er under bygging i Bilbao, skal leverast i siste halvdel av 2020. Båten har ei lengd på 91 m, breidd 19m, og med brønnkapasitet på meir enn 5000 m3 vert dette Norges største brønnbåt.

Fartøyet vil bli ein integrert del av verksemda i Alsaker konsernet, og vil ha topp moderne teknologi. «Kristoffer Tronds» blir utstyrt for føring av smolt og slaktefisk, samt eit breitt spekter for behandling av fisk. Fartøyet vil truleg bli den best utstyrte brønnbåten som er bygd, og har m.a. 4 brønnar, Optilicer, RSW anlegg, topp moderne navigasjonssystem og dynamisk posisjonering. Fartøyet har dieselelektrisk framdrift.

Me søkjer etter deg som er påliteleg, resultat- og løysingsorientert. Du har god evne til å organisere arbeidet og er handlekraftig. Du ynskjer ein jobb som krev mykje av deg, og som gjev deg utfordringar. Godt arbeidsmiljø og gode resultat er viktig for deg, og du er lett å samarbeida med. Begge stillingane vil verta involvert i oppbygging av drifts- og kvalitetssystem.

Kaptein:

  • Sertifikat Dekksoffiser klasse 1

Maskinsjef:

  • Sertifikat Maskinoffiser klasse 1

Praksis frå brønnbåt og erfaring med byggetilsyn vil verta vektlagt. Norsk er arbeidsspråk, men med krav om gode engelskkunnskapar. Løn og tiltreding etter avtale.

Noko reising må påreknast.

Send elektronisk søknad med CV og relevante vedlegg på www.alsaker.no

Søknadsfrist er snarast og innan 16. juni 2019

ALSAKER FJORDBRUK AS

ALSAKER FJORDBRUK AS

Org. Nr 979 494 009
Stillingsdetaljer
Søknadsfrist 2019-06-16
Kontaktpersoner
Navn Hans Helge Vik
Stillingstittel Driftsdirektør
E-post jobb@fjordbruk.no
Mobil 9921 0106
Navn Olav Nygård
Stillingstittel Prosjektleiar
E-post jobb@fjordbruk.no
Mobil 916 89 044