Denne stillingsannonsen er utgått.
Stillingsannonse #5CCAFD2D39C57
Sist oppdatert 2019-05-20 23:18

Driftsoperatør matfisk

Beskrivelse av arbeidsgiver

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 13 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av landets største oppdrettskonsern, med 23 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, slakteri, rensefiskproduksjon og ein stor flåte av moderne servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk, omfattar offshoreserviceverksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har om lag 1,7 milliard NOK i omsetning og er omlag 300 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no


Arbeidsoppgåver: 

  • Dagleg røkting og stell av fisk 
  • Drift og vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg 
  • Produksjons- og kvalitetsoppfylging 
  • Deltaking i helgevaktsordning 

Ynskjelege kvalifikasjonar: 

  • Relevant utdanning og /eller erfaring innan akvakultur 
  • Engasjert og initiativrik 
  • Er sjølvstendig og fleksibel, med evne til å stå på når det trengs 
  • Sjømannskap/teknisk innsikt, fordel om du har VHF, G20, trucksertifikat og STCW 
  • Løysingsorientert med gode samarbeidsevner 
  • Likar utearbeid i all slags vêr og vind 

Me kan tilby deg: 

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg og hektisk miljø 
  • Naudsynt opplæring 
  • Konkurransedyktige betingelsar 

Me oppmodar personar med lokal tilknyting om å søkja! 

Løn og tiltreding etter avtale.  

Se også her

ALSAKER FJORDBRUK AS

ALSAKER FJORDBRUK AS

Org. Nr 979 494 009
Stillingsdetaljer
Arbeidssted Mosterøy, Rogaland, Norge
Søknadsfrist 2019-05-20
Kontaktperson
Navn Sigmund Sundal
Stillingstittel Driftssjef
E-post jobb@fjordbruk.no
Mobil 99210135